Nysa-familien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nysa-asteroidane (også kjende som Hertha-familien eller Polana-familien) er ei gruppe asteroidar i hovudbeltet som går i bane rundt Sola ved mellom 2,41 og 2,5 AE. Asteroidane i denne familien har eksentrisitetar på mellom 0,12 og 0,21 og ei banehelling på mellom 1,4 og 4.3 grader. [1] Familienamnet kjem frå den mest massive lekamen i familien som er 44 Nysa.

Undergrupper[endre | endre wikiteksten]

Asteroidane i Nysa-familien er typisk inndelte i to grupper med ulik mineralsk samansetning: Nysa og Polana. Bortsett i frå 44 Nysa og 135 Hertha er asteroidane i Nysa-familien S-type-asteroidar. Asteroidane i undergruppa Polana, som 142 Polana, er for det meste F-type-asteroidar. [2]

Asteroidar i familien[endre | endre wikiteksten]

Namn a e i
44 Nysa 2,423 0,149 3,703°
135 Hertha 2,428 0,206 2,306°
142 Polana 2,418 0,136 2,238°
750 Oskar 2,444 0,130 3,952°
2984 Chaucer 2,470 0,135 3,054°
2391 Tomita [3]
2509 Chukotka
2710 Veverka
3048 Guangzhou
3069 Heyrovsky
3172 Hirst
3467 Bernheim 2,409 0,149 4,112°
3952 Russellmark
4797 Ako
5075 Goryachev
5394 Jurgens
7629 Foros

[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.easysky.de/eng/screenshots/index.htm
  2. http://www.aas.org/publications/baas/v30n3/dps98/16.htm
  3. «The Puzzling Case of the Nysa–Polana Family» (frå heil artikkel)
  4. http://ssd.jpl.nasa.gov/sbdb.cgi
Smålekamar i solsystemet