Nyseryllik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nyseryllik | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Asterales | |
| Familie: | Asteraceae | |
| Slekt: | Achillea | |
| Art: | A. ptarmica | |
| Vitskapleg namn | ||
| Achillea ptarmica | ||
Nyseryllik er ei urt i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 3 dm høg, og har ein greina jordstengel. Blada er smale som eit lauvsagblad. Korga om lag 1 cm brei, oftast med 8-10 kvite kantkroner. Dyrka plantar har større korger og fleire kantkroner. Blømer kring juli månad i grasbakkar, på fuktig dyrka mark og på vegkantar. I nyare tid spreidd gjennom heile Noreg. Funnen opp til 1230 m på Hardangervidda.
Kjelder [endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.