Nyttårsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nyttårsdag i North Yorkshire i 2003.
Foto: Graham Hermon
Leik i ein stockholmspark første nyttårdag 1953.

Første nyttårsdag eller nyårsdag den 1. januar er den første dagen i det nye året etter den mest utbreidde tidsrekninga i verda, den gregorianske kalenderen. 1. januar er heilagdag i ei rekkje land, og er flaggdag i alle landa i Norden. Det knyter seg både religiøse og sekulære skikkar til nyttårsdagen. I moderne tid har ein etterkvart flytta den største feiringa av det nye året til nyttårsaftan og midnatt kvelden før.

Historie og religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga av januar blei først rekna som nyttårsdag i romartida. I 154/153 f.Kr. førte opprør på den iberiske halvøya til at den romerske konsulen Quintus Fulvius Nobilior måtte byrja i stillinga si tidlegare enn det som var vanleg, i midten av mars. Dermed byrja det sivile romerske året også på denne datoen. 1. januar var fast nyttårsdag i den julianske kalenderen, som blei innført av Julius Cæsar i 45. f.Kr. Romarane rekna nyttårsdagen som ein lukkebringande dag, dies faustus. Ein ofra til gudar som Janus og Strenia, ønska kvarandre lykke og gav gåver.

Tidlege kristne markeringar av nyttårsdagen gjekk ut på å motverka utsvevande heidenske markeringane av dagen. Då juledag blei fastlagd til 25. desember rundt midten av 300-talet, blei 1. januar, som fall åtte dagar seinare, ein såkalla oktav i liturgi. Feiringa av 1. januar blir i austleg kristendom kalla Jesu omskjering, i vestleg Jesu namnedag. I fleire kristne kyrkjer er det vanleg med midnattsgudsteneste nyttårsaftan og deretter gudsteneste på nyttårsdagen. Andre kan ha ei felles bønenatt ved inngangen til det nye året. Nokre retningar meiner kristne ikkje bør feira nyttår i det heile.[1]

Nyttår i kristne Europa blei flytta tilbake til mars (25. mars) av konsiliet i Tours i 567, før den gregorianske kalenderen igjen tok 1. januar som årsbyrjing i 1528. Over tid spreidde den nye kalenderordninga seg i Europa og europeisk-påverka område.

Nyttårsdagen på Dumyat i Skottland.
Foto: Donald MacDonald, 2006

Sekulære skikkar[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tidene har også ulike sekulære skikkar vore knytt til nyttårsdagen. Dei kan vera sosiale, knytt til fellesskap og underhaldning, eller lukkebringande, til dømes ved at ein gjer symbolske handlingar som ein ønskjer skal gjenta seg gjennom året.

Waiting for Calls on New-Year's Day av Winslow Homer.

Skikkane kan vera uformelle, som å gå tur nyttårsdagen, eller halvformelle, som New York-skikken med calling på 1800-talet der fornemme menn vitja flest mogleg kvinner og la att visittkorta sine. Ein moderne halvformell skikk på den nordlege halvkula er å halda isbadingtreff på nyttårsdagen.

Gåver[endre | endre wikiteksten]

Nyttårsgåve til dronning Marie Antoinette.

Fleire kulturar har hatt tradisjon med å gje nyttårsgåver. Romarane gav kvarandre forgylte dadlar, fiken og laurbærgreiner, seinare små koparmyntar, på nyttårsdagen. Klientar gav velgjerarane sine gåver, og keisarane fekk tributt på denne dagen. Seinare rekna europeiske herskarar med å få kostbare gåver på nyttårsdagen.

I fleire land har også vanlege folk utveksla mindre gåver, ein tradisjon som nokre stader har halde seg til våre dagar. I Napoli gjev ein kvarandre framleis fiken innpakka i laurbærblad som lykkeønskingar. I Frankrike utveksler ein gåver kalla étrennes eller nyttårskort.

Idrett og underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Keisarcupfinalen i Osaka 1. januar 2007.

Ei rekkje ulike tilstellingar finn årleg stad på første nyttårsdag. Nokre er kjende verda over, som nyttårskonserten til wienerfilharmonikarane eller skihoppinga i Garmisch-Partenkirchen. Andre kan vera meir lokale, som opptog eller idrettstilstellingar.

Aqua String Band under Mummers Parade 1. januar 2005.

Opptog haldne på nyttårsdagen er mellom anna Junaknoo i Nassau på Bahamas, Mummers Parade i Philadelphia i Pennsylvania, New Year's Day Parade i London og Tournament of Roses i Pasadena i California.

Andre idrettstilstellingar er ekstra fotballkampar i Storbritannia (om ikkje dagen fell på ein torsdag, fredag eller søndag), keisarcupfinalen i Japan, den amerikanske fotballkampen Rose Bowl Game i California etter Rose-paraden og ishockeykampen NHL Winter Classic i USA og Canada.

Nyttårstale[endre | endre wikiteksten]

I ei rekkje land blir det sendt ein nyttårstale av stats- eller regjeringsoverhovudet i media på nyttårsdagen. I Danmark og Noreg held statsministeren tale nyttårsdagen, medan monarkane taler nyttårsaftan. Kyrkjeleiarar som paven og erkebiskopen av Canterbury held også gjerne nyttårstalar på nyttårsdagen. Norske biskopar kan halda nyttårstale 1. nyttårsdag, eller 1. søndag etter nyttår.

Første hendingar og lukkebringande handlingar[endre | endre wikiteksten]

Vitjande til tempelet Higashifushimi Inari Jinja i Tokyo 1. nyttårsdag 2010.

Mange stader meiner ein det er noko spesielt med visse ting som hender nyttårsdagen. Mellom anna legg ein merke til første barnet som er fødd i det nye året ein viss stad og kallar det «nyttårsbarn».

I Japan er fleire førstehandlingar i det nye året rekna som lukkebringande: Å sjå den første soloppgangen i det nye året (hatsuhinode), gjerne frå kysten eller frå eit fjell, og å vitja eit tempel (hatsumōde), anten like etter midnatt eller i løpet av første nyttårsdag.

Ulike stader i Storbritannia måtte ein spesiell person gå først inn i huset – som regel ein mann, ofte ein mørkhuda eller mørkhåra ein, helst utan lyter som skjegling eller plattfot. Ofte ville ein koma inn gjennom hovuddøra, vitja alle rom og gå ut gjennom bakdøra. Denne «first-footeren», kalla «Lucky Bird» nokre stader, kunne ha med seg gåver som brød, kol, whisky og levande grønt, og kunne som takk få mat eller pengar. Skikken var vanleg fram til 1800-talet i heile Storbritannia, men fanst etter dette stort sett berre i Skottland. Nokre stader var det julebukkar som utførte denne første inn- og utgangen, andre stader kunne ein ganske enkelt opna hovuddøra for det nye året og sleppa det gamle ut bakvegen.

Andre ting er rekna som uheldige og ein vil dermed unngå dei på nyttårsdagen. Det kan vera å kasta noko ut av huset, om det så berre er oske, skitvatn eller liknande, før ein har teke noko inn først. Å bera ut eld eller la elden slokna var også eit dårleg varsel. Å gje frå seg pengar, anten som lån eller tilbakebetaling, kunne føra til at ein kom til å gjera det same heile året, og burde dermed unngåast. I britisk tradisjon skulle ein ikkje arbeide, sjølv om dagen ikkje offisielt var heilagda. Eit særleg sterkt tabu var å vaska klede på denne dagen, ettersom det blei sagt at ein vaska vekk ein av familien sin. Å ha døde i huset denne dagen var også ulukkesbringande.

Kven ein møtte først denne dagen kunne vera eit viktig teikn på korleis det skulle gå i det nye året. Eit skotsk ritual mot komande ulukke kunne vera å overføra henne til ein hund ved å driva han ut av huset nyttårsdagen samtidig som ein sa eit formular.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Visse måltid er rekna som lukkebringande nyttårsdagen. Ein europeisk skikk som har spreidd seg til USA er å eta eit måltid med surkål og ei form for gris – anten grisekjøt eller marsipangris. Andre tradisjonelt lukkebringande retter er sarma, ein slags kålrulettar, på Balkan og sild i Tyskland og Polen. Mange stader i Italia et ein lasagna på nyttårsdagen. Ein et også linser, rosiner og appelsinar som symboliserer rikdom, lukke og kjærleik. I Piemonte et ein riskorn som skal symbolisera pengar. Same symbolikken finn ein att i dei amerikanske Sørstatane, der ein bruker eta svartaugde bønner anten like etter midnatt nyttårsaftan eller ved eit måltid i løpet av nyttårsdagen. Bønnene kan serverast saman med ein mynt eller grøne blad, som skal symbolisera pengesetlar. Nokre tradisjonar seier at ein må eta minst 365 bønner, ei for kvar dag i det nye året.

Det finst også nyttårskaker, til dømes chiacchiere, småkaker forma som linser og dekte med honning, som skal gjera det nye året søtt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Til dømes i evangeliske The Restored Church of God
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.