Nyttingnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nyttingnes er landskapsformasjonen som kløyver Solheimsfjorden søraust for Florø i to; Eikefjorden og Høydalsfjorden. Formasjonen strekkjer seg austover frå Nyttingnes til Sandvik og Barlindbotnen på Eikefjordsida, og Seljeset, Høyvik, Steinhovden, Holmesund og Hopen på Høydalsfjordsida.

Grenda Nyttingnes var opphavleg ei jordbruksgrend med storfe og sauehald i buskapane. Også i dag spelar jordbruk ei viss rolle som næringsveg.

Landskapet kring Nyttingnes og austover er eit skogsområde, med god tømmerkvalitet. Området har elles ein svært interessann flora og fauna. Vestre Nyttingnes er overvintringsområde for hjort.