O.C. Gundersen
Oscar Christian Gundersen (17. mars 1908–21. februar 1991), fødd i Oslo, best kjend som O.C. Gundersen, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet, justisminister, handelsminister, høgsterettsdommar og ambassadør i Moskva.
Gundersen blei cand.jur. i 1931. Han blei høgsterettsadvokat i 1939. Før han kom med i rikspolitikken, var han aktiv i student- og lokalpolitikken i Trondheim. Mellom 1936 og 1938 sat han i formannskapet. I 1939 blei han rådmann i Trondheim, men blei avsett av tyskarane i 1941. Frå 1942 til 1945 var Gundersen direktør ved Statens trygdekontor i London. Etter frigjeringa i 1945 gjekk Gundersen tilbake til jobben som rådmann.
Gundersen blei utnemnd til statsråd og sjef for Justisdepartementet (justisminister) i Einar Gerhardsen si andre regjering i 1945. Han heldt fram som justisminister i Oscar Torp si regjering i 1951, til han gjekk av i 1952. Som justisminister fekk han eit særleg ansvar for gjennomføringa av landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen.
Etter ti års fråvere frå politikken kom han i 1962 tilbake som handels- og skipsfartsminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering, eit verv han hadde fram til John Lyng si regjering overtok i fire veker i august-september 1963. Då Einar Gerhardsen si fjerde regjering overtok deretter blei Gundersen igjen justisminister. Han gjekk av då den borgarlege koalisjonsregjeringa Borten blei danna etter stortingsvalet 1965.
I perioden 1953–57 og 1967–77 var han Høgsterettsdommar i Noregs Høgsterett. I tida 1958-1961 var han Noreg sin ambassadør i Moskva.
O.C. Gundersen skal vere brukt som modell for sakfører Jespersen i romanen Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle.
Kjelder [endre]
| Norske handelsministrar | |
|---|---|
| Erik Brofoss (1947-54) · Oscar Torp (1954) · Nils Langhelle (1954-55) · Arne Skaug (1955-62) · Oscar Chr. Gundersen (1962-63) · Kåre Willoch (1963) · Erik Himle (1963-64) · Trygve Lie (1964-65) · Kåre Willoch (1965-70) · Otto Grieg Tidemand (1970-71) · Per Kleppe (1971-72) · Hallvard Eika (1972-73) · Jens Evensen (1973-74) · Einar Magnussen (konstituert) (1974-76) · Hallvard Bakke (1976-79) · Reiulf Steen (1979-81) · Kari Gjesteby (1981) · Arne Skauge (1981-83) · Asbjørn Haugstvedt (1983-86) · Kurt Mosbakk (1986-88) · Jan Balstad (1988-89) · Kaci Kullmann Five (1989-90) · Eldrid Nordbø (1990-91) · Bjørn Tore Godal (1991-94) · Grete Knudsen (1994-96) |
| Norske justisministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Johan Cappelen (1945) · Oscar Chr. Gundersen (1945–52) · Kai Birger Knudsen (1952–54) · Gustav Adolf Sjaastad (1954-55) · Jens Chr. Hauge (1955) · Jens Haugland (1955-63) · Petter Mørch Koren (1963) · Oscar Chr. Gundersen (1963-65) · Elisabeth Schweigaard Selmer (1965-70) · Egil Endresen (1970-71) · Oddvar Berrefjord (1971-72) · Petter Mørch Koren (1972-73) · Inger Louise Valle (1973–79) · Andreas Cappelen (1979–80) · Oddvar Berrefjord (1980–81) · Bjørn Skau (1981) · Mona Røkke (1981–85) · Wenche Frogn Sellæg (1985–86) · Helen Bøsterud (1986–89) · Else Bugge Fougner (1989–90) · Kari Gjesteby (1990–92) · Grete Faremo (1992–96) · Anne Holt (1996–97) · Gerd-Liv Valla (1997) · Aud Inger Aure (1997–99) · Odd Einar Dørum (1999–2000) · Hanne Harlem (2000–01) · Odd Einar Dørum (2001–05) · Knut Storberget (2005–2011) · Grete Faremo (2011-) |