Oak Apple Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Oak apple» på eit eiketre i Worcestershire i England.
Foto: Bob Embleton

Oak Apple Day, også kjend som Shick-Shack Day og Arbour Day, er ein tradisjonell engelsk høgtidsdag. Dagen blei feira til minne om gjeninnføringa av monarkiet i Storbritannia i mai 1660. 29. mai blei innført som offentleg høgtidsdag av det engelske parlamentet i 1660, og avskaffa i 1859. Feiringa fortsette likevel blant folk, og dagen blir framleis markert nokre få stader i England, i visse landsbyar og ved nokre college i Oxbridge.

Ein feira gjerne dagen ved å pynta seg med galleple (eng. oak apples) eller eikeblad til minne om Slaget ved Worcester i 1651, der den framtidige Charles II av England gøymde seg for parlamenthæren i eit eiketre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]