Oase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andre tydingar: Den kristne rørslaOASE (OASE-rørsla)
Oase i den libyske delen av Sahara.

I geografi er Oase ei isolert vasskjelde i ei ørken. Ein oase blir til ved at ein straum av grunnvatn kjem til overflata. Av og til veks det mange platevekster omkring kjelda, planter som lever ekstra godt når vatnet er heilt nær dei, og dei treng difor ikkje å ha lange røter for å nå grunnvatnet.

Ordet oase kom til norsk og andre europeiske språk frå gresk ὄασις oasis, et ord som er lånt direkte frå egyptiske wḥ3t eller frå demotiske wḥỉ. Det er ikkje lånt frå det koptiske ordet ouaḥe (*/waħe/) slik det ofte blir påstått, sidan det det greske ordet er funne fleire hundreår før koptisk eksisterte som et skriftspråk.

Oasar har svært stor innverknad på handels- og transportruter i ørkenstrok. Karavanar må reisa via oasar, slik at ein kan få nye forsyningar av vatn og mat. Dette har ført til at militær eller politisk kontroll med oasar ofte har ført til kontroll over handelsruter. For eksempel har oasane Awjila, Ghadames og Kufra i dagens Libya, til ulike tider vore vitale knutepunkt for både nord-sør og aust-vest handel i Sahara.