Ob-La-Di, Ob-La-Da

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ob-La-Di, Ob-La-Da
singel av Marmalade
B-side «Chains»
Utgjeve 1968
Sjanger Pop
Selskap CBS
Produsent Mike Smith

«Ob-La-Di Ob-La-Da» er ein song av The Beatles frå det doble albumet The Beatles frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men er på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney.

Songen vart ein stor hit for bandet Marmalade i 1968 og singelen deira gjekk til topps i fleire land. I Noreg låg han åtte veker på toppen av VG-lista.

Komposisjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein bevisst hyllest til den gryande reggaerørsla, kanskje knytt til den veksande folkesetnaden frå Jamaica i England, men han kviler òg tungt på honky tonk. Songen vart spelt inn i tre utgåver, den første finst på Anthology 3. Denne gjekk saktare og lente seg tungt på karibiske innfall som bongotrommer. Andre opptak startar med ein noko påsegla Lennon som spelar eit hyperaktivt piano. Likevel var McCartney framleis ikkje nøgd og forlanga ei ny innspeling igjen seinare der dei konsentrerte seg om det vokale og ikkje det instrumentale. Låten vart krydra med latter og muntre tilrop. Likevel kom McCartney tilbake ei veke seinare for endå eit forsøk. Alt i alt dobbelt så mykje tid gjekk til å spele inn denne songen som heile albumet Please Please Me.[1]

Songteksten[endre | endre wikiteksten]

Den enkle teksten fortel historia om eit par kalla Desmond og Molly, og vert utheva med latter, tilrop og andre lyder som akkompagnerer teksten. Den andre gongen historia vert fortalt, vert namna bytta om og kjønnsrollene endra, slik at songen gjev hint om transvestittisme. Forklaringa er enklare; McCartney bytta om namna ved eit tilfelle og Lennon, som likte sære ting som forvirra, føreslo at dei skulle halde det slik. Lennon som seinare ytra at han ikkje likte songen må ha uttala seg i bitterheit, for han har òg innrømt at han har medverka til teksten her og der.

Kontroversielt[endre | endre wikiteksten]

Den nigerianske songaren Jimmy Scott som spela conga-trommer på songen påstod seinare at frasen «Ob-La-Di, Ob-La-Da» var hans ide og saksøkte McCartney for kompensasjon. Scott hadde eit band på den tida som han kalla for «Obla Di Obla Da Band». Saka vart lagd vekk i retten.

Singel[endre | endre wikiteksten]

McCartney var strålande nøgd med songen og ville ha han som singel, men då var dei andre Beatles-medlemmane alt leie. Tilbodet gjekk då vidare til gruppa Marmalade som gjekk til topp på listene med han, i Noreg i åtte veker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beatles hele livet, Bård Ose, 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]