Obedska bara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obedska Pond

Obedska bara (serbisk Обедска бара) er eit stort myr- og skogområde som er ein del av eit naturreservat langs elva Sava i Serbia, om lag 40 km vest for Beograd.

Området inneheld ein kroksjø, restane etter ein gammal sving i Sava, som i dag ligg litt lenger sør. I området finst over 30 forskjellige vass-, myr-, skog- og eng-biocønoser. Av dyreliv finn ein 220 fugleartar, 50 forskjellige artar av pattedyr, 13 amfibiar, 11 reptilar og 16 fiskeartar, medan ein finn over 500 planteartar. Området er eit av dei rikaste og best bevarte naturområda på Den pannoniske sletta

Obedska bara er eit av dei eldste naturreservata i verda og dei første vernetiltaka vart innført i 1874, då herskarane av Habsburgmonarkiet bevarte det som eit jaktområde for seg sjølv. Området har vore ein Ramsar-stad sidan 1977 og er på lista til UNESCO over dei viktigaste våtmarksområdene i verda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]