Oberalpstock
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Oberalpstock | |
| Piz Tgietschen | |
| fjell | |
|
Oberalpstock
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Glarus-Alpane |
| høgd | 3 328 moh |
| skardhøgd | 709 m ↓ mot Tödi |
| koordinatar | |
| Førstestiging av | Placidus a Spescha, J. Senoner |
| - dato | 1793 |
Oberalpstock (retoromansk Piz Tgietschen) er eit 3 328 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits, ein av dei dei høgste fjelltoppane i den sørvestlege delen, med sitt store innslag av krystallinske bergartar. Fjellet stig opp mellom dalane Maderanertal i Uri i nord og Vorderrheintal i Graubünden i sør.
Geologisk er fjellet ein del av Aar-massivet og består av aaregranitt.
Oberalpstock er den høgaste toppen i Glarus-Alpane vest for Tödi, og det høgaste fjellet i Uri aust for elva Reuss.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oberalpstock» frå Wikipedia på tysk, den 16. oktober 2009.