Oberhof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oberhof sett frå Schneekopf

Oberhof er ein by i landkrinsen Schmalkalden-Meiningen i Thüringen i Tyskland. Ved utgangen av 2009 budde 1 513 menneske i byen, som ligg på åsryggen med skogsområdet Thüringer Wald på ikring 815 meter over havet.

Oberhof er eit sentrum for vintersport. Særleg populære er tevlingane i skiskyting og aking, elles vert det skipa til tevlingar i bobsleigh, langrenn, skihopping og kombinert nordiske greiner.

Byen lever av turismen. I 2009 hadde Oberhof 426 000 gjestedøgn.[1] Oberhof er etter Erfurt og Weimar den mest besøkte staden i Thüringen og den feriestaden i Thüringer Wald med flest gjester.

Oberhof er og kjent for sitt sportgymnas.

Notar[endre | endre wikiteksten]