Obokonsert av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obokonsert i C-dur
K. 314
Solokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1777
Typisk lengd20:28
Satsar/akter3
ToneartC-dur

Obokonsert i C-dur, K. 314, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart våren eller sommaren 1777 for oboisten Giuseppe Ferlendis (1755–1802) frå Bergamo, så omskriven av komponisten som solokonsert for fløyte i D-dur i 1778.[1] Solokonserten er mykje studert for begge instrument og er ein av dei viktigaste solostykka for obo.[2]

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Som med Fløytekonsert nr. 1, er stykket arrangert for eit standard orkester med strykarar, to oboar og to valthorn.[3]

Stykket er delt inn i tre satsar:

Fløytekonsert nr. 2[endre | endre wikiteksten]

Fløytekonsert nr. 2 i D-dur er ei tilpassing av den originale obokonserten. Den nederlandske fløytisten Ferdinand De Jean (1731–1797) bestilte fire fløytekvartettar og tre fløytekonsertar av Mozart. I staden for å lage ein ny konsert, omarrangerte Mozart obokonserten han hadde skrive eit år tidlegare som den andre fløytekonserten. De Jean betalte derimot ikkje Mozart for denne konserten fordi han var basert på obokonserten.[2][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mozart, W. A.; Giegling, Franz (forord) (2003). Konzert in C für Obo und Orchester. Klavierauszug. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. IV.  ISMN M-00645740-3
  2. 2,0 2,1 Riordan, George. The History of the Mozart Concerto K. 314 Arkivert 2007-02-07 ved Wayback Machine.. International Double Reed Society & University of Colorado, College of Music.
  3. Fløyte Concerto No. 2 in D-dur, K. 314 (K. 285d). Allmusic.
  4. Freed, Richard. Flute Concerto No. 2 in D-dur, K. 314. John F. Kennedy Center for the Performing Arts. oktober 5–7, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]