Obscured by Clouds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Obscured by Clouds
Filmmusikk av Pink Floyd
Utgjeve 3. juni 1972
Innspelt Chateau d’Herouville, Frankrike februar-mars 1972
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:30
Selskap Harvest, EMI (Storbritannia)
Harvest, Capitol (USA)
Produsent Pink Floyd
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
Meddle
(1971)
Obscured by Clouds The Dark Side of the Moon
(1973)

Obscured by Clouds er eit album av Pink Floyd basert på filmmusikken deira til den franske filmen La Vallée. Plata kom ut 3. juni 1972 og nådde 6. plass på albumlista i Storbritannia og 46. plass i USA. I 1986 kom albumet ut på CD, og på ny med betre digital lyd i 1996.

Songen «Free Four» var den første Pink Floyd-songen som vart spelt ein del på radio i USA og den første songen som tok opp dødsfallet til Eric Fletcher Waters som var far til Roger Waters. Songen vart og gjeven ut på singel i enkelte land. Tittelsporet er ein av fleire instrumentalar på plata, og var lenge ein del av konsertane til bandet, ofte som opningsnummeret. Songen «Childhood's End» skal visstnok vere inspirert av Arthur C. Clarke-romanen med same namn. Kjærleiksballaden «Stay» vert rekna for å vere ein av dei mest utypiske Pink Floyd-songane, men var derimot typisk for anna musikk som kom på den tida.

Obscured by Clouds var det første Pink Floyd-albumet der dei brukte VCS 3-syntheziser.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «Obscured by Clouds»   Gilmour, Waters Instrumental 3:03
2. «When You're In»   Gilmour, Waters, Wright, Mason Instrumental 2:30
3. «Burning Bridges»   Wright, Waters Gilmour, Wright 3:29
4. «The Gold It's in The...»   Gilmour, Waters Gilmour 3:07
5. «Wot's... Uh the Deal?»   Gilmour, Waters Gilmour 5:08
6. «Mudmen»   Wright, Gilmour Instrumental 4:20
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
7. «Childhood's End»   Gilmour Gilmour 4:31
8. «Free Four»   Waters Waters 4:15
9. «Stay»   Waters, Wright Wright 4:05
10. «Absolutely Curtains»   Gilmour, Waters, Wright, Mason Instrumental 5:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Songar[endre | endre wikiteksten]

Obscured by Clouds[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet er ein instrumental som startar med lag på lag av VCS 3-synthesizerar, som gjev eit inntrykk av ein vegg av lyd som kjem nærare og nærare. Etter kvart kjem trommene inn og gitaren til Gilmour. Songen glir så rett over i neste spor «When You’re In». Desse to songane vart ofte spelt i lag på konsertar i 1972-1973, og opna vanlegvis konsertane på turnéen etter The Dark Side of the Moon. Konsertversjonane hadde ein lengre intro før trommene kjem inn, der Gilmour spelte slidegitar og Waters spelte bass.

When You’re In[endre | endre wikiteksten]

Som første sporet er òg denne songen ein instrumental. Konsertversjonane av songen var ofte mykje lenger med gitarsolo av Gilmour og både hammondorgel- og minimoogsolo av Wright. Tittelen kom frå bandet sin tidlegare turnémanager som brukte å sei «I'm in. And when you're in, you're in».

Burning Bridges[endre | endre wikiteksten]

Teksten er skrive av Waters, medan Gilmour og Wright syng. Det instrumentale sporet «Mudmen», som kjem seinare på albumet har ein del parti som er ganske så lik denne songen.

The Gold It’s in the...[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar ein reisande som legg ut på leiting etter noko, berre på moro skuld. Dette kan ein høyre i tekstlinjer som «They say there's gold, but I'm looking for thrills», og «You can get your hands on whatever we find, 'cause I'm only coming along for the ride». Songen er utypisk for Pink Floyd med eit mykje hardare lydbilete enn ein vanlegvis høyrer av dette bandet.

Wot’s...Uh the Deal[endre | endre wikiteksten]

Songen har melodi og vokal av Gilmour, medan Waters skreiv teksten. Songen vart aldri spelt på konsertar av bandet, men i 2006 spelte Gilmour songen på turnéen sin etter det siste albumet hans On an Island.

Mudmen[endre | endre wikiteksten]

Denne instrumentalen er skrive av Wright og Gilmour, siste gong dei skreiv ein song i lag før 1994. Musikken er forholdsvis lik songen «Burning Bridges» tidlegare på albumet.

Childhood’s End[endre | endre wikiteksten]

Både tekst og melodi er skrive av Gilmour, den siste han laga aleine for bandet før ''A Momentary Lapse of Reason i 1987. Teksten var inspirert av romanen med same namn av Arthur C. Clarke, og omhandlar blant anna dei siste dagane til Jan Rodricks, den siste mannen på Jorda, frå dei siste sidene av boka. Både strukturen og det musikalske temaet i songen har visse likskapstrekk til «Time» frå The Dark Side of the Moon.

Free Four[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Free Four.

Stay[endre | endre wikiteksten]

Songen er skrive av Wright og Waters, ein uvanleg låtskrivarkombinasjon for bandet. Denne balladen er forholdsvis utypisk for Pink Floyd, og fortel historia om ein mann som ikkje kan hugse namnet på elskerinna då dei våknar om morgenen. Songen vart gjeve ut som b-sida på singelen «Free Four» i 1972.

Absolutely Curtains[endre | endre wikiteksten]

Siste sporet er stort sett eit instrumentalspor med koring her og der. Siste del av sporet er ein song av ei innfødt stamme kalla Magupa, spelt inn for filmen La Vallée, som musikken til albumet er henta frå.

Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey