Obsidian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Obsidian frå Oregon, USA, med dei karakteristiske brotflatene.

Obsidian er ein bergart som òg vert kalla naturleg glas, og er ei ikkje-krystalinsk omforming av lava saman med andre stoff som har vorte kjapt avkjøla etter vulkansk aktivitet. Hovudinnhaldet i obsidian er SiO2 (silisiumdioksid).

Amerikansk eksempel på pilspiss av obsidian.

Obsidian har namnet etter ein person i antikkens Roma, Obsius, som fann slikt naturleg glas i Etiopia og tok det med heim. Men arkeologiske funn frå steinalderen i Mellom-Austen og funn på det amerikanske kontinentet syner at obosidian har vore kjend i uminnelege tider som eit framifrå råstoff til å lage pilspissar og skjerereiskap av, då det lett kan spaltast til skarpe flak som om naudsynt kan verte så tynne at dei har vore nytta i moderne tid som blad til skalpellar (operasjonsknivar).

I Norden er obsidian funne på Island, framfor alt i Landmannalaugar, men òg fleire andre stader. Det islandske namnet for obsidian er hrafntinna.

Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.