Søvnapné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Obstruktiv søvnapné)
Søvnapné

Obstructive sleep apnea
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:327.23, 780.57
ICD-10-kode:G47.3,P28.3
MedlinePlus000811 Mal:MedlinePlus2
eMedicineped/2114
MeSHD012891
MeSHD012891

Søvnapné eller svevnapné er ei søvnforstyrring der andedrettet stoppar ei tid eller er redusert medan ein søv. Kvar stopp kan vara i nokre sekund til fleire minutt og skje fleire gonger kvar natt.[1] I dei vanlegaste tilfellene følgjer dette høg snorking.[2]

Søvnapne kan finna stad anten på grunn av obstruksjon (blokkering) av øvre luftvegar (obstruktiv søvnapné), på grunn av nevrologiske faktorar (sentral søvnapné) eller på grunn av ei blanding av desse to typane (blanda søvnapné).

Sidan det forstyrrar vanleg søvn, kan søvnapné føra til at dei som lid av det er trøytte eller søvnige om dagen.[1] Barn med lidinga kan ha problem på skulen eller hyperaktivitet.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sleep Apnea: What Is Sleep Apnea?». NHLBI: Health Information for the Public. U.S. Department of Health and Human Services. July 10, 2012. Henta 18. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 «What Are the Signs and Symptoms of Sleep Apnea?». NHLBI. July 10, 2012. Henta 18 August 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]