Obwalden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Obwalden
Tysk: Obwalden
Fransk: Obwald
Italiensk: Obvaldo
Retroromansk: Sursilvania
Wappen Obwalden matt.svg
Våpenet til Obwalden
Karte Lage Kanton Obwalden 2013.2.png
Kart som viser kor i Sveits Obwalden ligg.

Hovudstad Sarnen
Folketal 35 585 (2011)
Areal 490,59 km²
Folketettleik 73/km²
Forkorting OW
Høgaste topp Titlis (3238 moh)

Obwalden er ein kanton i Sveits. Han består av to delar, då ein del av kantonen Nidwalden ligg mellom kommunen Engelberg i Obwalden og resten av kantonen Obwalden. Kantonen har eit totalt areal på 491 km2, og hadde 35 032 innbyggarar i 2009. Sarnen er hovudstad i kantonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart med plassering av kommunane i Obwalden

Obwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Obwalden er, saman med Nidwalden, dei einaste kantonane som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot sør til Bern, mot vest og nordvest til Luzern og mot vest til Nidwalden og Uri. Kantonen har etter Appenzell Innerrhoden færrast innbyggarar. Kantonen har fem store vatn; Sarnensee, Lungerersee, Melchsee, Tannensee og Wichelsee. Høgste fjelltoppen er Titlis, 3 238 meter over havet, som høyrer til Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen er del av dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 moh.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Tysk er offisielt språk.

Religion[endre | endre wikiteksten]

80% av innbyggarane er tilslutta den romersk-katolske kyrkja, medan 8% er protestantar.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Kantonen Obwalden består av sju kommunar; Alpnach, Engelberg, Giswil, Kerns, Lungern, Sarnen og Sachseln. Engelberg ligg som ein enklave aust for Nidwalden og resten av Obwalden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Obwalden og Niwalden utgjer saman Unterwalden, som var ein av dei tre kantonane som i 1291 danna dei sveitsiske eidsforbundet. Før 1999 vart Obwalden og Nidwalden rekna for halvkantonar, kvar av dei hadde ei halv røyst i det sveitsiske stenderrådet. Ordninga med halvkanton vart fjerna frå Sveits si grunnlov i 1999, og Obwalden har no ei røyst i stenderrådet. Dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Obwalden


Kantonane i Sveits Det sveitsiske flagget
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich