Oceanodroma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oceanodroma


Gråstormsvale, Oceanodroma furcata Foto: C. Schlawe/US Fish and Wildlife Service
Gråstormsvale, Oceanodroma furcata
Foto: C. Schlawe/US Fish and Wildlife Service

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Oceanodroma
Artar
  • Sjå teksten
Vitskapleg namn
Oceanodroma
L. Reichenbach, 1853

Oceanodroma er ei biologisk slekt i stormsvalefamilien. Desse små stormfuglane held seg stort sett på den nordlege halvkula, unntaka er ringstormsvala og perustormsvala som lever utanfor vestkysten av Sør-Amerika. Dette er den største slekta i familien med i alt 14 nolevande artar som er godkjente etter versjon 6.6 av Clementslista. I tillegg høyrer den utdøydde guadalupestormsvala inn i denne slekta.

Artane i denne slekta har diversitet i utsjånad og varierer i fjørdrakta frå heilt sotbrun som kaliforniastormsvala, til passatstormsvala som har kvit overgump og gråstormsvala med gjennomgåande lyse parti i fjørdrakta.

Dei har få artsspesifikke eigenskapar som er til nytte for identifikasjon, men måten dei flyg på er ofte særeigen for arten.[1]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Oceanodroma i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  4. 4,0 4,1 Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)