Octavia Sperati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Octavia Sperati er eit band frå Bergen som spelar heavy metal. Musikken byggjer på sjangeren doom metal, med tunge gitarriff og ein meir ethereal-inspirert vokal. Bandet har gjeve ut to album (Winter Enclosure, (2005), og Grace Submerged, (2007)) i tillegg til ein EP (Guilty (2002).

Albumet Winter Enclosure (2005) vekte stor interesse, og har hausta gode kritikkar og høge terningkast[treng kjelde].Eit særmerke ved denne gruppa er at ho er samansett av nesten berre kvinnelege musikarar, noko som er svært uvanleg i denne sjangeren.

Med den store suksessen i Noreg fekk bandet også interesse i utlandet, og etter ein kort konserttur i Noreg heiv dei seg med som oppvarming for Cradle of Filth og Paradise Lost allereie hausten 2005. Dei hadde sjølve i sluttan av 2007 ein turné i Storbritannia.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]