Odalizer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Odalizer er ein nettstad som er laga slik ein kan omsetja tekstar eller andre nettstader til noko nær talemålet i Odalen. Odalizer finst i tre variantar, ein som omset til odøling, ein til trøndersk, og ein til «barnespråk».

  • Input: Jeg kommer snart. Piken kastet en sten, og jeg har også kastet en stein. Maleren hentet melk, og snekkeren spurtet hjem. Jeg arbeider som stylist
  • Odalizer-output: Je kå'mmer rætt nå. Piken hov en sten, og je har au hov en stein. Maleren hentet mjølk, og snekkeren bein-flaug hemm. Je ærrber som stilist.

Kjernen i programmet er eit perlskript med kontekstavhengige søk-erstatt-rutiner. Døme på det er jeg/je, snart/rætt nå, spurtet/bein-flaug. Programmet inneheld ikkje grammatisk analyse, t.d. er det første dømet på kastet preteritum, mens det andre er partisipp. Begge blir attgjeve som preteritum (hov). Former som ikkje er i leksikon (hentet) blir ignorert. Fonologiske reglar (y -> i, t.d.) virkar utan unntak, og programmet veit ikkje at y-en i stylist blir uttalt ai, og dermed ikkje i på odøling.

Tekstprøve frå omtale på nynorsk.no:

Øivind Borgenholt har laga sine eigne nettomsetjingsverkti, så no kan du få både VG og Dagbladet på odøling hæll trødersk. Muligens bør Noregs Mållag filgje opp ved å utvikle eit liknandes program som set om frå bokmål tell ninorsk? Tell det stønner kan du klikke dæ innom Odalizer og Trøndalizer føre å læsa rikspressa på dialekt! Hæll du kan læsa ninorsk.no på noko som i alle fall minner om odøling .

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.