Odd Aalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Aalen
Fødd6. mai 1947
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdestatistikk
Yrkestatistikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
University of California, Berkeley
DoktorgradsrettleiarLucien Le Cam
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Odd Olai Aalen (fødd 6. mai 1947 i Oslo) er ein norsk statistikar og er internasjonalt kjent for forskinga si på forløps- og overlevingsanalyse.

Aalen voks opp i Oslo og fullførte Oslo katedralskole i 1966. Han tok fysikk- og matematikkstudiar ved Universitetet i Oslo og vart cand.real. med hovudfag i statistikk 1972. Deretter byrja han på doktorgradsstudiar ved University of California i Berkeley i USA. Etter doktorgraden jobba han som forskar ved Københavns Universitet og Universitetet i Tromsø, før han i 1982 vart medisinsk statistikar ved Universitetet i Oslo. Han vart professor frå 1985 og har no ei stilling ved Avdeling for biostatistikk.

Han vart den første reine statistikaren som vart fast tilsett ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Han har jobba med å integrere kunnskap frå statistikkfaget i medisinstudiet. I 1992 vart han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Frå 1997 til 1999 var han leiar for Norsk statistisk samskipnad.

Under sine tidlege studieår vidareutvikla han den matematiske teknikken for overlevingsanalyse som no blir kalla Nelsonar-Aalen-estimatoren. Denne er mykje nytta teknikk for utrekning av risiko innan medisinsk forsking med livsløpsdata, forsikringsmatematikk og analyse av venta levetid for tekniske komponentar. Hans mest siterte vitskaplege artikkel er Nonparametric inference for a family of counting processes[1] frå 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]