Odd Einar Dørum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odd Einar Dørum
Foto: Lars Røed Hansen

Odd Einar Dørum (fødd 12. oktober 1943) i Oslo er ein norsk politikar for Venstre. Han har vore leiar av Venstre i to periodar, samferdsleminister og justisminister.

Dørum er utdanna sosionom frå Sosialhøgskulen i Trondheim (1970). Han var nestleiar (1964-65) og leiar i Unge Venstre (1970-72). 1967-71 og 1976-77 sat han i Trondheim bystyre. I 1977 vart han vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag. I 1982 vart han leiar av Venstre. Ved Stortingsvalet 1985 gjekk Venstre til val på eit samarbeid med Arbeidarpartiet, men valresultatet vart at Venstre fall ut av Stortinget. I 1986 gjekk Dørum av som partileiar.

I 1992 kom han tilbake og sat som partileiar til 1996, og var soleis partileiar då Venstre kom attende på Stortinget i 1993. I 1996 vart han utfordra til partileiarvervet av Lars Sponheim, og valde å trekkja seg. I 1997 vart Dørum vald inn på Stortinget frå Oslo, og vart gjenvald i 2001 og 2005. I perioden 2005-2009 sat han i Kyrkje- utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

I Sentrumsregjeringa var han statsråd i to ulike departement:

I den andre Bondevik-regjeringa var han på nytt justisminister frå 2001-2005.

Heider[endre | endre wikiteksten]

I 2004 opna Slottet for at statsrådar etter 4 års tenestetid kan verta tildelt St. Olavs Orden. Odd Einar Dørum vart då kommandør av St. Olavs Orden.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.