Odd Harrong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Harrong
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1913
Død

17. juli 1981 (68 år)

Yrke teikneserieskapar

Odd Harrong (fødd 4. januar 1913 i Kirkenes, død 17. juli 1981) var ein norsk kunstnar og teikneserieteiknar.

Harrong starta i 1937 studiar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, etter å ha mottatt stipend frå AS Sydvaranger. Han studerte under mellom andre Finn Fåborg og Carl von Hanno, og fann snart sin teknikk i tresnittet. I 1939 debuterte Harrong med ei tresnittutstilling i Oslo Kunstforening, og vart same år medlem av Unge Kunstneres Samfunn.

Odd Harrong heldt ei rekke separatutstillingar med grafikk. Ein stor del av den grafiske produksjonen hans er knytt tematisk til samisk liv og kultur. Bilda syner gjerne kvardagssituasjonar, der folkedrakter, gammer, reindrift, hundehald og natur presenterer den tradisjonelle samiske kulturen.

I 1952 begynte Harrong å utgi fire forskjellige humoristiske teikneseriehefte, mellom dei Harrongs Cowboy Komikk. Seriane vart òg trykte i ulike aviser og magasin, og vart gjerne omtala som «Harrongkomikk».

Harrong var òg kabaretartist og visesongar. Trass i at kapasitetar som Lalla Carlsen og Bokken Lasson ønskte han til Chat Noir, valde Harrong karrieren som kunstnar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]