Odd Nerdrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Nerdrum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1944 (80 år)
Helsingborg
Yrke kunstmålar
Far David Sandved
Ektefelle Turid Spildo
Born Nora Ceciliedatter Nerdrum, Öde Nerdrum
Odd Nerdrum på Commons
Odd Nerdrum sitt Atelier i Røvika i Larvik

Odd Nerdrum (fødd 8. april 1944 i Helsingborg) er ein norsk kunstmålar.

Kunsten hans Odd Nerdrum er tydeleg påverka av kunstnarar som Caravaggio og Rembrandt. I perioden frå starten av nittitalet og fram til i dag, har motiva hans tydeleg blitt prega av underleg påkledde eller heilt avkledde figurar. Kysten av Vestfold, og det islandske lavalandskapet blir mykje brukt som bakteppe for stemningsbileta og dei sjølvbiografiske forteljingane hans.

Nerdrum har erklært seg sjølv som ein kitschmålar. I kitschen er det handverket som skal bere fram ideen. I det meste av samtidskunsten er det derimot ideen og ikkje handverket som gjeld. Nerdrum produserer små seriar, og særs få galleri har tilgang på bileta hans.

Kontroversar[endre | endre wikiteksten]

Odd Nerdrum har gjennom karrieren fått stor merksemd både i Noreg i utlandet, og kunsten hans er både vorte applaudert og kritisert, og kalla provoserande. Mellom hans mest kjende måleri er «Mordet på Andreas Baader», der han fremstilte terroristen som eit offer, og «Selvportrett i gylden skrud», der han måla seg sjølv med erigert penis.[1]

Skattesvik og benåding[endre | endre wikiteksten]

I 2014 vart Odd Nerdrum dømd for skattesvik i Borgarting lagmannsrett, til eitt år og åtte månaders fengsel. Nerdrum vart dømd for å ha lurt unna 6,9 millioner kroner, sju millioner kroner mindre enn beløpet i tiltalen. Han vart benåda av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (FrP) i oktober 2017. Han sat ikkje i fengsel ein einaste dag. Grunngjevinga for benådinga er personopplysningar som er underlagt teieplikt, sa justisministeren den gongen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Karianne Grindem (23. mars 2018). «Nerdrums sønn: - Jeg lærte tidlig at ferier er for underklassen». Dagbladet.no. 
  2. Anders Grønneberg; Knut-Eirik Lindblad (9. oktober 2017). «Ingen får vite grunnen til Odd Nerdrum-benådningen: - Underlagt taushetsplikt». Dagbladet.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]