Odd Olsen Ingerø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Odd Olsen Ingerø (fødd 22. september 1950) blei utnemnd til sysselmann på Svalbard i 2001. Han var tidlegare politimeister i Fredrikstad politidistrikt. Han kjem frå Skjeberg i Østfold. Han har mellom anna vore politimeister i Sør-Varanger politidistrikt i tida 1985-1998.

Ingerø har røynsle frå fengselsstyret i Justisdepartementet. Han har vore politijurist i Kirkenes, dommarfullmektig i Vardø og statsadvokatfullmektig.

Sysselmannen på Svalbard tilsetjast for tre år med mogelegheit for ei forlenging med inntil to år. Sysselmannen har tjenestestad i Longyearbyen.