Odd Sørli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Sørli


Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1954 (69 år)
København
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1984

Odd Sørli (fødd 29. november 1954) er ein norsk alpinist, journalist og næringsdrivar. Han vann åtte norske meisterskapstitlar i alpine greiner tida 1975-85, likt fordelt på slalåm og storslalåm. Som alpinist representerte han Oppdal Idrettslag.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Sørli tok sølvmedaljen i slalåm då alpint-NM 1974 fann stad på heimegrunn på Oppdal. Deretter vann han åtte NM i alpine greiner, dei to fyrste på Bjorli i 1975. Seinare tok han gullmedaljar i NM-slalåm i 1978, 1981 og 1982 og NM-storslalåm i 1979, 1980 og 1985. Han var i mangt ein vinn-eller-forsvinn-type, noko som kjem fram ved at han ikkje vann fleire NM-medaljar enn dei åtte gulla og det eine sølvet.

Han deltok i tre olympiske vinterleikar, 1976, 1980 og 1984, alle saman utan den minste suksess. Hans beste resultat i internasjonale miesterskap var sjetteplassen i den alpine kombinasjon under VM i alpine greiner 1982 i Schladming. I verdscuprenn oppnådde han som best to femteplassar, fyrst i slalåm midt i desember 1975 og så i storslalåm nokså nøyaktig fire år seinare.

Journalist og næringsdrivar[endre | endre wikiteksten]

Etter han la opp som alpinist arbeidde Sørli i lang tid som journalist i vekebladet Se og Hør i Oslo. Frå 2000-talet har han drive turistnæring gjennom sitt eige firma, Off Piste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]