Odda kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odda kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1228
Fylke Hordaland
Adm.senter Odda
Areal 1 674 km²
Folkemengd 6 988 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) John Opdal (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.odda.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1228.svg
Odda kommune på Commons

Odda er ein kommune i Hordaland fylke. Administrasjonsstad og sentrum i Odda kommune er byen Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Kommunen grensar i nord mot Ullensvang, i aust mot Vinje, i sør mot Suldal og Sauda, og i vest mot Etne og Kvinnherad. Tettstader i Odda kommune er mellom anna Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Av andre stadnamn i Odda kan nemnast Buer, Mannsåker, Ragde, Reinsnòs, Seljestad og Vetrhus. Riksveg 551 med Folgefonntunnelen bind frå 2001 Odda saman med Kvinnherad. Europaveg 134, Haukelivegen går forbi Røldal. Haukelivegen går over Haukelifjell i mange tunnelar. Heilårsvegen bind saman Austlandet og Vestlandet. Avisa Hardanger Folkeblad kjem ut i Odda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1913 vart Odda eigen kommune, skilt ut frå Ullensvang herad. I 1964 vart Odda slege saman med Røldal kommune. Odda er og kjent som ein viktig stad for turisme, med fossar som Låtefossen og mykje natur. Hardangervidda og Folgefonna med brearmen Buarbreen er naturområde ikkje langt frå Odda sentrum. Frå 1840-talet og fram til industriutbygginga starta i 1906, var Odda først og fremst ein turiststad. Keisar Wilhelm II av Tyskland var årviss gjest frå 1889 til 1914. Før industrialiseringa var Odda eit av dei viktigaste turistmåla i verda på grunn av naturattraksjonar som isbre, foss og fjord på eit konsentrert og lett tilgjengeleg område. Reiselivet skaut for alvor fart då skipsruta mellom Newcastle upon Tyne og Bergen opna i 1890. Her var 10 hotell sist på 1800-talet. Eit nytt Hotel Hardanger vart opna i 1896, etter at det gamle brann ned. Hotellet var ein av dei største tre-. bygningane i Noreg, og dominerte hamna i Odda. Hotellet var prydd med treskurd av Lars Kinsarvik og veggmåleri av Nils Bergslien. I 1904 kom noko nær halvparten av alle utanlandske besøkjande til Noreg innom Odda. Det kunne liggja fleire cruiseskip på hamna på ein gong i Oddapollen. Turismen avtok etter som industriutbygginga tok til. Opninga av Bergensbana i 1909 var ei anna årsak til at dei reisande tok vegen utanom Odda. Utbrotet av første verdskrig i 1914 jaga utlendingane heim frå ferie.

Odda sentrum i februar 2004. Smelteverksområdet til høgre i biletet.
Kalkomnen ved Odda Smelteverk

Odda er kjend som ein industrikommune, med føretak som Odda Smelteverk, Boliden Odda AS (Norzink) og Tizir Titanium & Iron AS (TTI). Industrien er særkjenna som kraftkrevjande industri, som får elektrisitet frå vasskraftverk i området. Kraftverket Tysso I vart bygd opp i Tyssedal for å gje kraft til industrien i Odda, og smelteverket opna i 1908. Smelteverket la grunnlag for sterk utviding av tettstaden Odda. Ved smelteverket vart industriprosessen Oddaprosessen utvikla. På 1950-talet og 1960-talet vart Odda rekna som ein rik kommune. På 1990-talet vart verksemda ved smelteverket gradvis trappa ned. Samstundes har folketalet i kommunen vore på veg ned. På 1970-talet budde det over 10 000 menneske i kommunen, i 2005 hadde dette sokke til litt over 7 000. Våren 2003 gjekk Odda Smelteverk konkurs, og kommunen er inne i ei omstillingsperiode for å skapa ny sysselsetting. Mellom anna har det vore forsøk på å satsa på kultur for å skapa ny vekst.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Odda kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5] 1.1.1961[4][5] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
7097 8444 9045 9522 10128 10046 9071 8283 7633 7047

Kulturliv[endre | endre wikiteksten]

Mange forfattarar kjem frå Odda. Mellom anna Frode Grytten tek utgangspunkt i livet i Odda i forteljingane sine. Til dømes tek romanen Bikubesong utgangspunkt i livet kring smelteverket og bustadblokka Murboligen i Odda. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har hovudsete i Tyssedal, men har òg ei avdeling med arbeidarbustader i Odda sentrum. Museet dokumenterer historie knytt til vasskraft og industri. Kommunen sin tusenårsstad er Tysso I kraftstasjon, som òg vart Århundrets byggverk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Stasjonen vart oppførd mellom 1906 og 1918 og er i dag freda. Kraftstasjonen vert nytta både til utstillingar og konsertar. Musikkmiljøet i Odda er variert. Odda Musikklag, Odda Skolekorps, Tyssedalkoret og Odda Songlag er fire hodudpunkt i musikklivet. Blueslaget Lokst Utøve er det største blueslaget i Noreg. Dei skipar til både helgefestivalar og enkeltkonsertar av høg kvalitet. Solistar og musikkgrupper er det mange av og dette er med på å skapa eit variert og livleg lokalsamfunn. Vasskraft og industrihistoria til området vart synt fram i framsyninga av Tyssedalkoret og DVD`en «Arven» hausten 2004. Odda Dramatiske Selskap syner årlege teater-framsyningar i Formannshuset.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Personar med tilknytting til Odda kommune[endre | endre wikiteksten]

Folk frå Odda vert kalla «oddingar».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Odda kommune

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Odda i Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7
  • Randi Bårtvedt: «Vor gode bræ også i sommer beskuet af høifornemme øine» : møtet mellom turistar og bygdefolk i Odda 1861-1914, Hovudoppgåve i folkelivsgransking - Universitetet i Bergen, 1984
  • Odda kommune: Initiativ for å koma på UNESCO si liste over verda sin natur-og kulturarv Tyssedal kraftanlegg, Odda kommune, Odda 2004.
  • Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, Band I-III, Odda 1962-1967.
  • Trædal, L, Da storindustrien kom til Norge, H. Aschehoug & Co., 2005.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Odda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Røldal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå