Oddaprosessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oddaprosessen er ein metode for industriell produksjon av nitrogenbaserte kunstgjødsel. Metoden vart utvikla rundt åra 1927 - 28 av sivilingeniør Erling Johnson medan han arbeidde ved Odda Smelteverk i Odda

Sjølv om Johnson utvikla prosessen medan han arbeidde ved Odda Smelteverk, vart prosessen ikkje brukt i praktisk produksjon ved smelteverket. I staden vart prosessen lisensiert til Norsk Hydro, BASF, Hoechst, og DSM. Kvart av desse føretaka brukte prosessen, introduserte endringar, og lisensierte desse vidare til andre føretak. Pr. 2004 bruker Yara (Norsk Hydro), BASF, AgroLinz, og GNFC framleis prosessen. På grunn av endringane i prosessen vert han mange gonger referert til som nitrofosfatprosessen.