Odderøya fyrstasjon

Koordinatar: 58°07.7666′N 8°0.4144′E / 58.1294433°N 8.0069067°E / 58.1294433; 8.0069067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odderøya fyrstasjon

Foto: Philip Gabrielsen
FylkeAgder
KommuneKristiansand
FunksjonHamnefyr
Oppretta1832
Koordinatar58°07.7666′N 8°0.4144′E / 58.1294433°N 8.0069067°E / 58.1294433; 8.0069067
Fyrtårn
Høgd8,7
FormFyrbygning
ByggjematerialeTre
Fyrlys
Lyskarakter2 okkulterande glimt kvart 8. sek.
Lyshøgd12,5 moh.
Lysvidde5,6 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1984
Avfolka1984
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Odderøya fyrstasjon
58°07′53″N 8°00′08″E / 58.131397°N 8.002202°E / 58.131397; 8.002202

Odderøya fyrstasjon er eit hamnefyr som ligg ved innseglinga til Vestre hamn i Kristiansand i Agder. Fyret vart oppretta i 1832.

Fyrstasjonen er landfast og ligg på halvøya Odderøya, 1 km sør for kvadraturbusetnaden. Fyrstasjonen er bygd samtidig med Oksøy fyrstasjon og har funksjonelt og visuelt samband med denne og Grønningen fyrstasjon.

Fyrbygningen er oppført i tre. Lyktehuset er innebygd i gavlen. Ei tåkeklokke heng i ein galge føre hovudbygningen.

Anlegget omfattar maskinhus/fyrbetjentbustad, bryggerhus, oljebod, naust og brygge. Dagens bygningsmasse er i hovudsak oppført i 1874 då fyret vart flytta og det opphavlege fyrhuset rive.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Odderøya fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Odderøya fyrstasjon

Den opphavlege fyrbygningen var liten, skrøpeleg og låg lågt i terrenget ytst på pynten. Fyrdirektøren hadde sett følgjande ramme for anlegget: «Bekvemeligheder med største Økonomi og saavidt at et Par enslige Folk kan bo der». Også teknologien var enkel i starten. Hovudlampen var ein rundbrennar med parabolsk reflektor som vendte sørover. Han var skjerma for berre å vere synleg i trygt farvatn mellom Grønningen og Oksøy og for å markere leia vidare innover. I tillegg hadde fyret to flatbrennarlampar med reflektorar, éin i retning Dybingen og éin inn mot hamna. Alle tre lampene brann rapsolje. Hovudlampen skulle vere tent frå solnedgang til soloppgang heile året.

I 1874 vart fyret flytta høgare opp der den freda fyrstasjonen ligg i dag og fekk høgare standard. Men heller ikkje no fungerte fyrlykta tilfredsstillande. I 1885 vart det derfor montert ein fyrlampeoperatør som gav eit blinkande lys for å skilje fyrlyset frå bakgrunnsbelysninga frå byen. Året etter vart det sett opp ei 700 kg tung tåkeklokke i ein galge føre gavlveggen mot sjøen.

I 1914 fekk fyrlykta på Odderøya et 4. ordens linseapparat.

I 1927 og 1928 vart både fyrlykta og tåkeklokken elektrifisert. Dermed var det slutt på bering og påfylling av petroleum, snyting av veker og pussing av sota lampeglas og ruter. Nædaggregat vart òg installert.

I 1984 vart det sett opp ei ny, moderne fyrlykt føre den gamle fyrbygningen. Linseapparatet frå 1914 vart overført til den nye lykta. Samstundes vart fyrstasjonen automatisert og avfolka.

Status[endre | endre wikiteksten]

Fyrstasjonen på Odderøya er eit typisk, lite trefyr med tårn og lykt i gavlen på fyrbygningen. Fyrstasjon er eit karakteristisk trekk i hamnebilete til Kristiansand og har fyrhistorisk og opplevingsmessig verdi ved sambandet til fyrstasjonane Oksøy og Grønningen. Det frittliggande tåkeklokkeanlegget er det einaste av sitt slag som er bevart i Noreg. Fyrstasjonen vart freda etter lov om kulturminne i 1994. Området har vore bandlagt av forsvaret, men er no delvis frigjeve som turområde. Vest-Agder fylkeskommune kjøpte anlegget frå Kystverket for 500 000 kroner i 2005.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]