Oddernes kyrkje
Oddernes kyrkje | |||
Oddernes kirke | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Kristiansand | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Kristiansand domprosti | ||
Sokn | Oddernes | ||
Fellesråd | Kristiansand | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein og tre | ||
Innvigd | 1100-talet | ||
- Vigd til | Heilag-Olav | ||
- Endringar | M.a. 1630-åra, 1661, 1699, 1828, 1845, 1895, 1927, 2010 | ||
Klokker | 3, frå ca. 1200, 1697 og 1901 (Olsen Nauen) | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1704 | ||
Døypefont | Ulrik Hendriksen, 1927 | ||
Altartavle | 1704 | ||
Orgel | Verschueren Orgelbouw Heythuysen, 1993 | ||
Sitjeplassar | 510 | ||
Oddernes kyrkje 58°09′34″N 8°00′48″E / 58.15944444°N 8.01333333°E | |||
Wikimedia Commons: Oddernes kirke | |||
Oddernes kyrkje er ei langkyrkje i Kristiansand kommune i Agder.
Kyrkja vart truleg oppført på 1100-talet. Kjeldene er usikre, men ein trur kyrkja avløyste ei trekyrkje som kan ha vore oppført på 1000-talet. Før byen Kristiansand fekk si eiga kyrkje i 1645, var dette kyrkja også for det området som no er Kristiansand sentrum. Kvadraturen i Kristiansand ligg på grunn frå Oddernes gard. Det finst førkristne gravhaugar i området der kyrkja står.
Mellomalderdelen av kyrkja (koret og ein del av skipet) er av stein. Kyrkja var om lag 21 meter lang før ho vart utvida mot vest i 1630-åra. I 1699 kom tårnet og våpenhuset i vest av tre, slik at kyrkja no er om lag 37,5 meter lang. Sakristiet (av tre) nord for koret er frå 1828. Vindauga vart utvida på 1800-talet, og portalar frå mellomalderen er murt att.
Interiør og inventar[endre | endre wikiteksten]
Skipet har galleri i vest og nord. På galleribrystningane (i vest og nord) er det illustrasjonar i renessansestil frå forskjellige periodar. Brystningane har 44 rundbogar med bilete av profetar, apostlar og allegoriske figurar. Himlingen i skipet og koret har skymåling på himmelblå bakgrunn frå 1788.
Både altartavla og preikestolen er i svulmande akantusbarokk frå 1704. Stolen har evangelistbilete og eit kristusbilete, medan tavla har eit stort krossfestingsbilete i hovudfeltet.
Altartavla og preikestolen som stod i kyrkja før 1704, er overført til Herefoss kyrkje og Austad kyrkje i Setesdalen (den siste står no i bårehuset der).
Kyrkjegard[endre | endre wikiteksten]
Det er kyrkjegard ved kyrkja. På nordsida er prestegarden. Eit stykkje nord for kyrkja er Oddernes kapell, som òg inneheld krematorium. Ved kapellet er hovudkyrkjegarden for Kristiansand by.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Peersen, Erik, red. (1990). Oddernes kirke 950 år. Kristiansand.
- Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). «Oddernes kirke». Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 114-115. ISBN 82-91399-09-3.
- «Oddernes kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Agderkultur Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Kunsthistorie.com
- Oddernes kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 509. ISBN 82-7527-022-7.