Oddvar Berrefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddvar Berrefjord
Fødd20. mars 1918
Vardø kommune
Død25. november 1999 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, dommar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1965–1969)
  • Norsk justisminister (1971–1972)
  • Norsk justisminister (1980–1981)
  • fylkesordførar i Telemark (1968–1971)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977)
  • fylkesmann i Telemark (1976–1987) Sjå dette på Wikidata

Oddvar Berrefjord (20. mars 191825. november 1999), fødd i Vardø, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeiderpartiet.

Han var justisminister i to periodar – frå 1971 til 1972 i den første Bratteli-regjeringa, og frå 1980 til 1981 i Nordli-regjeringa. Han var vararepresentant til Stortinget frå Telemark 1965–1973.

Som lokalpolitikar var han medlem av kommunestyret i Skien 1945–1959 og 1963–1971, dei siste fire åra som varaordførar. Han var også fylkesordførar i Telemark i perioden 1967–1971. Han var formann i Telemark Arbeidarparti 1963-1968 og medlem av landsstyret i partiet 1963-1979. Han var Fylkesmann i Telemark frå 1976 til 1988.

Berrefjord tok juridisk embetseksamen i 1941 og deltok som dommar under landssvikoppgjeret. Seinare arbeidde han som politifullmektig og frå 1960 til 1967 som statsadvokat i Vestfold, Telemark og Aust-Agder. Han var lagdommar i Agder lagmannsrett 1967–1976.

Han var son til distriktssjef i Televerket Peder Marius Berrefjord (1890–1977) og Astrid Tharis (1892–1978).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]