Oddvar Brå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddvar Brå

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mars 1951 (72 år)
Hølonda kommune
Yrke langrennsløpar, langrennstrener
Høgd 183 centimeter
Oddvar Brå på Commons

Oddvar Brå (fødd 16. mars 1951 på Hølonda i Melhus kommune) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han var i ei årrekkje den dominerande løparen i Noreg, men trefte sjeldan toppforma under dei store meisterskapa. Han var i den norske representasjonstroppen frå og med OL i 1972, men lukkast ikkje med å gå heilt topps før under VM i Oslo i 1982, da han vann 15 km 23. februar og fekk delt gull med Sovjetunionen på den dramatiske stafetten 25. februar, der han i duell med Aleksandr Zavjalov braut staven på siste etappe. I etterkant oppstod det kjente spørsmålet «Kvar var du da Brå braut staven?», og hendinga har nesten vorte eit nasjonalt symbol.

Elles har Brå to OL-sølv og to VM-bronsar frå stafettar. Brås beste individuelle plassering i eit OL er 4. plass på 15 km i Calgary 1988. Oddvar Brå har i alt 16 individuelle NM-titlar i langrenn, fleire enn nokon annan løpar. Åra 1978 og 1979 var han heilt umogleg i NM og vann alle tre individuelle distansane to år på rad. Brås siste internasjonale meisterskap var VM i Lahtis 1989. Han vann også NM på ski i fristil i ein alder av 36 år, noko som også viser for ein stor utøvar han var.

Han var også ein god friidrettsutøvar, og vann NM i terrengløp (20 km) i 1984.

Han fekk Morgenbladets Gullmedalje i 1973, Holmenkollmedaljen i 1975 og Egebergs Ærespris i 1988. Oddvar Brå representerte IL Leik frå Hølonda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur