Odilon Redon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1880

Bertrand-Jean Redon (20. april 18406. juli 1916), betre kjend som Odilon Redon, var ein fransk målar, grafikar, teiknar og pastellist. Verka hans vert rekna til symbolismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Redon vart fødd inn i ein rik familie i Bordeaux i Aquitaine. Han starta å teikne som barn. Femten år gammal begynte han på formelle studiar i teikning. Faren insisterte på at han måtte studere arkitektur, men han klarte ikkje opptaksprøvene til arkitektstudiet. Dermed fekk han i 1864 høve til å gå i lære hos kunstmålaren Jean-Léon Gérôme. Vel heimkomen til Bordeaux byrja han å arbeide med skulptur, og med silketrykk og litografi.

År 1870 slutta Redon seg til hæren for å delta i den fransk-prøyssiske krigen. Mot slutten av krigen flytta han til Paris, der han nesten utelukkande arbeidde med kolteikning og litografi. Først i 1878 fekk arbeida hans noko større vellæte. Året etter publiserte han sitt første album med litografi, med tittelen Dans le Rêve.

Kyklopen, 1898-1900

Redon var ganske ukjend inntil 1884, då kultromanen tittelen À rebours (=Mot naturen) av Joris-Karl Huysmans kom ut. Historia handla om ein dekadent aristokrat som samla på teikningar laga av Redon.

I 1890-åra føretrekte Redon pastell- og oljemåleri som medium. Han stilte ut i lag med Nabisgruppa i 1899. I 1903 vart han tildelt Æreslegionen. Populariteten steig då ein katalog over etsingar og litografi kom ut i 1913.

Redon døydde i Paris den 6. juli 1916.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Odilon Redon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]