Odlingsjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Odlingsjord er ein fast eigedom som kan nyttast til landbruk og som har ein viss storleik. Eigedomar som oppfyller krava kan det hevdast odelsrett til.

For at vilkåret «kan nyttast til landbruk» skal vere oppfylt, må det vere eit praktisk-økonomisk grunnlag for drift med utsikt til eit rimeleg vederlag for den arbeidsinnsatsen som vert lagt ned i drifta.

Kravet til storleik er at eigedomen, inklusive jordbruksareal, anna areal, rettar og lunnende skal ha ein produksjonsmessig verdi som tilsvarar minst 20 dekar jordbruksareal. Den må i alle høve ha minst 5 dekar jordbruksareal. Med jordbruksareal er meint: Fulldyrka jord, overflatedyrka jord og kultivert/gjødsla beite.

For at ein rein skogeigedom skal vere odelsjord, må den ha minst 100 dekar produktiv skog.

Odlingsjord som det er opparbeidd odelsrett på, vert kalla odelsjord.

Sjølv om det er opparbeidd odelsrett på ein eigedom, kan odelsretten falle bort som følgje av at krava til odlingsjord ikkje lenger er oppfylte, t.d. ved at det økonomiske grunnlaget for drift ikkje lenger er til stades.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet odlingsjord kom inn i odelslova av 1974, men prinsippet om å unnta visse eigedommar for odelsrett, vart lovfesta i 1907. Etter odelslova av 1821 gjaldt odelslova all eigedom på landet. Odelslova av 1821 gjaldt ikkje for byane og ikkje for Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NOU 2003:26[daud lenkje]
  • Lov om odels- og åsetesrett
  • Lov av 26. juni 1821 angaaende Odelsretten og Aasædesretten, frå lovamling 1965.
  • Lov av 16. juli 1907 angaaende forandringer i og tillæg til lovgivningen om odelsretten og aasædesretten, frå lovsamling 1965
  • Høgsterettsdom 19. april 2007