Odvar Nordli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odvar Nordli

Odvar Nordli i 2007
Foto: Harry Wad
Fødd3. november 1927
Stange kommune
Død9. januar 2018 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, revisor, embetsmann
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Odvar Nordli (3. november 19279. januar 2018) var ein norsk politikar og medlem av Det norske Arbeidarpartiet. Han var statsminister i over fem år, frå 1976 til 1981.

Nordli var frå Stange i Hedmark og var utdanna revisor. Han vart statsminister etter Trygve Bratteli den 15. januar 1976 og sat til den 4. februar 1981Gro Harlem Brundtland overtok. Odvar Nordli vart den fyrste statsministeren som merka at Noreg hadde vorte ein oljenasjon. Det kom oljeinntekter inn på statsbudsjettet. Omstridde saker var NATO sitt dobbeltvedtak og vasskraftutbygginga i Alta-Kautokeinovassdraget.

Nordli vart i 1981 utnemnd til fylkesmann i Hedmark fylke, eit embete han hadde til han gjekk av med pensjon i 1993. Han var frå 1985 til 1993 medlem av Den norske Nobelkomitéen. Etter den andre verdskrigen tenestegjorde han i Tysklandsbrigaden.

Odvar Nordli vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1994 for samfunnsnyttig verksemd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]