Offentleggjeringa av Darwin sin evolusjonsteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Charles Darwin og Alfred Russel Wallace var saman om å publisere ein ny evolusjonsteori i 1858, ein teori som Darwin utgreia i meir detalj i boka On the Origin of Species året etter. I motsetnad til Lamarck, la Darwin framlegg om felles avstamming og eit livstre med forgreiningar, noko som fører med seg at to særs ulike artar kan dele ein felles stamfar. Teorien var basert på ideen om naturleg utval, og syntetiserte eit breitt spekter av indisium samla frå husdyravl, biogeografi, geologi, morfologi og embryologi.[1]

Det grunnleggjande bak On the Origin of Species, som eigentleg berre er ei oppsummering av Darwin sin teori, var allereie utforma i 1838.

Hendingar som framskynda offentleggjeringa[endre | endre wikiteksten]

Eit fotografi av Alfred Russel Wallace (1823-1913) tatt i Singapore i 1862

Ein publikasjon frå 1855 kalla On the Law which has Regulated the Introduction of New Species, skriven av Alfred Russel Wallace, hevda at mønstra i den geografiske fordelinga av nolevande og fossile artar kunne forklarast viss kvar ny art alltid oppstod i nærleiken av ein allereie eksisterande, nært nærskylt art.[2] Charles Lyell ante konsekvensane av Wallace si utgjeving og det moglege sambandet med Darwin sitt arbeid, og i løpet av våren 1856 oppfordra Lyell Darwin til å publisere teorien sin for å etablere prioritet. Darwin vart sett i klemme mellom ønsket om å gje ut ein full og overtydande skildring av teorien sin, og å raskt lage ein kort publikasjon. Han avgjorde at han ikkje ville eksponere idéane sine for vurdering av ein redaktør, noko som var naudsynt for å publisere i eit vitskapleg tidsskrift. Den 14. mai 1856 byrja han på ei skisse, og innan juli hadde han bestemt seg for å produsere eit fullstendig og formelt vitskapleg verk om artar, Natural Selection.[3]

Darwin arbeidde hardt på manuskriptet til den store boka Natural Selection då han den 18. juni 1858 mottok ein pakke frå Wallace, som budde på Malukuøyane. Det vedlagde tjue sider som skildrar ein evolusjonær mekanisme, ein reaksjon på Darwins siste oppmuntring, med ein førespurnad om å sende det vidare til Lyell viss Darwin trudde det var verd det. Mekanismen likna mykje Darwin sin eigen teori.[3] Darwin skreiv til Lyell at «orda dine har gått i oppfylling med stor kraft ... på førehand» og han vil «sjølvsagt samstundes skrive og tilby å sende [det] til eit tidsskrift» etter Wallace sit ønske, og legg til at «all originaliteten min, kva det enn kan vere, vil bli knust».[4] Lyell og Hooker blei samde om at ei felles offentleggjering burde skje hos Linnean Society, og den 1. juli 1858 blei artikkelen lest opp og arbeidet blei dessutan publisert i Journal of the Proceedings of the Linnean Society som On the Tendency of Species to form Varieties; and on the Perpetuation of Varieties and Species by Natural Means of Selection, ved Darwin og Wallace høvesvis.[5] Offentleggjeringa vekte lita interesse. Medan Darwin vurderte Wallace sin idé å vere identisk med hans eige omgrep om naturleg utval, har historikarar peika på skilnader. Darwin skildra naturleg seleksjon som analog til det kunstige utvalet som blei praktisert av dyreoppdrettarar, og understreka konkurranse mellom individ; Wallace trekte ingen samanlikningar med avl, og fokusert på det økologiske presset som heldt ulike variantar tilpassa lokale tilhøve.[6][7][8]

Etter møtet sette Darwin seg føre å skrive eit samandrag av arbeidet sitt.[9] Lyell diskutert ordningar med John Murray i forlagshuset Murray,[10] og dei svara beinveges med ei stadfesting om å gje ut boka utan sjølv å sjå manuskriptet, og tilbaud Darwin to tredelar av overskotet.[11] Darwin hadde i utgangspunktet tenkt å kalle utgjevinga An abstract of an Essay on the Origin of Species and Varieties Through natural selection, men med Murray sin tilråding blei tittelen endra til det korte On the Origin of Species, kor tittelsida òg la til: by Means of Natural Selection, or the Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life.[12] Her er omgrepet «rase» brukt som eit synomym for «varietet», og ikkje i den moderne tydinga av menneskerase.

Tida det tok å publisere[endre | endre wikiteksten]

Allereie i desember 1838 hadde Darwin ein arbeidsversjon av den grunnleggjande teorien sin om naturleg utval, men nesten tjue år seinare, då brevet frå Wallace kom, var Darwin framleis ikkje klar til å publisere teorien sin. Det gjekk lengje føre seg spekulasjonar på at Darwin unngjekk eller utsette å gjere idéane sine offentleg av personlege grunnar. Føreslåtte motiv inkluderte frykt for religiøs forfølging eller sosial skam viss synspunkta hans vart kjente, og otte for å utfordre prestevenar eller den fromme kona Emma. Sjukdom årsaka gjentatte forseinkingar. Artikkelen hans om naturreservatet Glen Roy i Skottland hadde gått pinleg gale, og Darwin kan ha ønskt å vere sikker på at han hadde rett denne gongen. Darwin hadde ein monaleg produksjon av bøker og eit travelt familieliv på denne tida.[13]

Vitskapshistorikaren John van Wyhe hevda i 2007 at Darwin heile tida var fast meint på å publisere, men det var ikkje før i september 1854 at han kunne jobbe med skriving på den komplette Natural Selection på heiltid. Estimatet hans om å skrive den 'store boka' på fem år var optimistisk.[14]

Utgjeving av boka[endre | endre wikiteksten]

Den første utgjevinga skjedde torsdag 24. november 1859 på forlaget John Murray. Første opplaget var på 1250 eksemplar, av dei ca. 1170 tilgjengeleg for sal.[12] Allereie 7. januar 1860 kom andre utgåva på 3000 eksemplar[15] med ei rekkje rettingar og dessutan ein respons på religiøse innvendingar i form av eit tillegg av ein ny epigraf på side ii, eit sitat frå Charles Kingsley, og uttrykket «av Skaparen» skoten inn i den avsluttande setninga.[16] I løpet av Darwins levetid kom boka ut gjennom seks utgåver, med kumulative endringar og revisjonar for å handtere argument mot kritikk. Darwin gjorde omfattande revisjonar til den sjette utgåva av Origin, og dette blei den første utgåva der han brukte ordet 'evolusjon' som tidlegare ofte var brukt i samband med fosterutvikling, sjølv om alle utgåver konkluderte med ordet 'utvikla'.[17][18]

Publisering utanfor Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I midten av januar 1860 gav Appleton i New York ut boka i USA. Det er ikkje klårt kor stort førsteopplaget var, for totalt kom det ut fire utgåver same året.[12][19]

Boka vart omsett til fleire språk i levetida til Darwin, men nokre gonger oppstod det problem med omsetjing av omgrep og metaforar, og nokre omsetjingar vart partiske ut frå omsetjaren sin eigen agenda.[20] I tilfellet med omsetjinga til tysk utført av naturforskar og geolog Heinrich Georg Bronn, fekk utgjevinga i 1860 føyd til Bronn sine eigne idéar og kontroversielle tema som Darwin i medvite hadde late ute. Bronn omsette 'favoriserte rasar' til 'perfeksjonerte rasar', og la til eit essay om ulike emne, inkludert opphavet til livet, og dessutan eit avsluttande kapittel om religiøse implikasjonar, delvis inspirert av Bronn si eige overtyding.[21] Darwin korresponderte tett med Julius Victor Carus, som publiserte ei forbetra omsetjing i 1867.[22] Darwin sin freistnad på å finne ein omsetjar i Frankrike feila, omsetjinga gjort av Clémence Royer, publisert i 1862, fekk ein introduksjon som priste Darwins idéar som eit alternativ til religiøs openberring og fremja idéar som føresåg sosialdarwinisme og rasehygiene. Dessutan heldt utgjevinga ei rekkje forklarande fotnotar der omsetjaren gav eigne svar på spørsmål som Darwin hadde uttrykt si tvil omkring. Darwin korresponderte med Royer om ei andre utgåve utgjeve i 1866, og ein tredje i 1870, men han hadde problem med å få henne til å fjerne fotnotane hennar og vart plaga av desse utgjevingane.[23][24] Fram til ei ny omsetjing av Edmond Barbier vart publisert i 1876 var Darwin misnøyd med den franskspråklege utgåva av boka.[12] Ei nederlandsk omsetjing av Tiberius Cornelis Winkler vart publisert i 1860.[25] Innan 1864, hadde fleire omsetjingar dukka opp på italiensk og russisk.[20] Gjennom Darwin si levetid, vart On the Origin utgjeve på svensk i 1871,[26] på dansk i 1872, polsk i 1873, ungarsk i 1873-1874, spansk i 1877 og serbisk i 1878. Innan 1977, var ho omsett til ytterlegare 18 språk,[27] inkludert norsk riksmål (1889).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Første versjon av avsnittet er omsetting frå innleinga i History of evolutionary thought frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2014.
  2. Wallace, Alfred R. (1855), «On the law which has regulated the introduction of new species», Annals and Magazine of Natural History 16: 184–196, http://darwin-online.org.uk/content/frameset?viewtype=text&itemID=A11&pageseq=1 
  3. 3,0 3,1 Quammen 2006, s. 135–158
  4. Darwin Correspondence Project – Letter 2285—Darwin to Lyell (June 1858), http://www.darwinproject.ac.uk/darwinletters/calendar/entry-2285.html, henta 15 March 2008 
  5. Darwin, Charles; Wallace, Alfred Russel (1858), «On the Tendency of Species to form Varieties; and on the Perpetuation of Varieties and Species by Natural Means of Selection», Zoological Journal of the Linnean Society 3: 46–50, doi:10.1111/j.1096-3642.1858.tb02500.x, http://darwin-online.org.uk/content/frameset?itemID=F350&viewtype=text&pageseq=1, henta 14 January 2007 
  6. Larson 2004, s. 74–75
  7. Quammen 2006, s. 162–163
  8. Bowler 2003, s. 175–176
  9. «Letter 2303 — Darwin, C. R. to Hooker, J. D., 5 July (1858)». Darwin Correspondence Project. http://www.darwinproject.ac.uk/entry-2303. Henta 7 September 2010. 
  10. «Letter 2437 — Darwin, C. R. to Lyell, Charles, 28 March (1859)». Darwin Correspondence Project. http://www.darwinproject.ac.uk/entry-2437. Henta 7 September 2010. 
  11. «Letter 2443 — Murray, John (b) to Darwin, C. R., 1 April 1859». Darwin Correspondence Project. http://www.darwinproject.ac.uk/entry-2443. Henta 7 September 2010. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Freeman 1977
  13. Quammen 2006, s. 84–92
  14. van Wyhe 2007
  15. Darwin 1958, s. 122
  16. Browne 2002, s. 95–96
  17. Browne 2002, s. 59
  18. Freeman 1977, s. 79–80. "Evolution" in the transformist sense had been used by Charles Lyell in 1832, Principles of Geology vol 2, p. 11; and was used by Darwin in The Descent of Man in 1871, p. 2 onwards.
  19. Desmond & Moore 1991, s. 492
  20. 20,0 20,1 Browne 2002, s. 256–259
  21. Browne 2002, s. 140–142
  22. Darwin Correspondence Project – The correspondence of Charles Darwin, volume 14: 1866, http://www.darwinproject.ac.uk/correspondence-volume-14, henta 6 March 2009 
  23. Darwin Correspondence Project – The correspondence of Charles Darwin, volume 10: 1862, http://www.darwinproject.ac.uk/correspondence-volume-10, henta 6 March 2009 
  24. Browne 2002, s. 142–144
  25. Ch. Darwin, Het ontstaan der soorten van dieren en planten door middel van de natuurkeus of het bewaard blijven van bevoorregte rassen in de strijd des levens, transl. by T.C. Winkler (Haarlem 1860) Source: Teyler, Winkler, Darwin Lecture by Marijn van Hoorn MA at the Congress of the European Botanical and Horticultural Libraries Group, Prague, 23 April 2009
  26. «Freeman Bibliographic Database». http://darwin-online.org.uk/content/record?itemID=F793. 
  27. Freeman 1977, s. 101–111

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]