Offentleglova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Offentleglova (lov 2006/19) er ei norsk lov som kom i kraft 1. januar 2009.

Lova fører i hovudsak vidare innhaldet av Lov om offentlighet i forvaltningen frå 1970 med seinare revisjonar. Av endringar kan nemnast:

  • Lova gjennomfører direktivet om vidarebruk av offentleg informasjon, det fører til endra føremål (§1), presisering av forbodet mot usakleg diskriminering (§6) og reglar om prising (§8). Førearbeid til denne endringa er mellom anna rapporten Fra bruk til gjenbruk.[1]
  • Lova opnar for at Kongen i forskrift kan påleggje forvaltninga å leggje ut postjournalar på Internett (§10)
  • Lova opnar for at ein kvar kan krevje eit visst innsyn i databaser (§9)

Førearbeida til den nye lova er Ot. prp. nr. 102 (2004-2005)[2] og Ot. prp. nr. 9 (2005-2006)[3] som er Justis- og politidepartementets framlegg til ny offentleglov. Lovframlegget er basert på NOU 2003:30[4], som var eit utval oppnemnd av departementet for å sjå på endringar i offentleglova.

Justisdepartementet sende hausten 2007 på høyring eit utkast til forskrifter til den nye offentleglova.[5]

Den tidlegare offentleglova av 1970[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare offentleglova, med tilhøyrande forskrifter, har som hovudprinsipp at forvaltninga sine dokument er offentlege, om ikkje anna er gjeve med heimel i lov eller forskrift.

Lova § 1 slår fast at lova gjeld for alle offentlege verksemder. Med offentleg verksemd forstår ein «ethvert organ for stat eller kommune». Spørsmål om eit forvaltningsorgan eller ei verksemd vert omfatta av lova, kan vere utgreidd av Sivilombodsmannen eller Justisdepartementets lovavdeling.

§ 2 definerer lovas hovudregel - at forvaltninga sine dokument er offentlege, anten dei er utarbeidd av organet sjølve, eller sende til organet. Paragrafen definerer òg spesifikt at postjournalar, saksjournalar og møtekart til politiske organ skal vere offentlege.

I § 3 vert lovas dokumentbegrep definert. Det er ofte strid og usemje om kva som er saksdokument, og som skal journalførast. Generelt skal alle dokument journalførast.

§§ 4, 5, 5a, 6 og 6a er dei såkalla unntaksparagrafane.

§ 4 heimlar «utsett offentlighet». Med dette meiner ein at dokumentet ikkje er offentleg for ein nærare definert periode. Dette unntaket skal tolkast strengt, og vert ikkje mykje brukt.

§ 5 gjeld unntak for interne dokument. Dette er i hovudsak dokument som er utarbeidd for eit forvaltningsorgan sin interne saksførebuing, det vil seie interne notat og liknande. Paragrafen gjeld òg dokument som er utarbeidd av eit underordna organ (§ 5 a)), av særlege sakkunnige eller rådgjevarar (§5 b)) eller utarbeidd i eit departement til bruk i eit anna departement (§5 c)).

§ 5a er unntak for dokument der opplysningar er undergitt lovbestemt teieplikt. Teieplikta kan fylgje av forvaltningslova (§ 13 første ledd), eller av reglar i særlovgiving. Plikta må ha heimel i lov, det er ikkje tilrekkeleg at nokon i instruks er pålagt teieplikt eller ar dei har skriven under ein lovnad om tystnad.

§ 6 gjer unntak for diverse føremål. Desse er:

  1. Riket sin tryggleik, tilhøvet til framande statar og internasjonale organisasjonar.
  2. Forsvarleg gjennomføring av statens, kommunens eller vedkommande organs lønns-, økonomi- og personalforvaltning, økonomiske rammeavtalar med næringslivet (dette unntaket gjeld sentrale jordbruks- og fiskeriforhandlingar) eller «fordi offentlighet ville motvirke offentlige kontroll- eller reguleringstiltak eller andre nødvendige pålegg eller forbud, eller medføre fare for at de ikke kan gjennomføres».
  3. Statsrådets protokollar
  4. Dokument i saker om tilsetting eller «forfremmelse i offentlig teneste». Men organet må utarbeide søkjarliste til stillinga.
  5. Melding eller rapport om lovbrot.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]