Offshore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Offshoring, flytting av ei verksemd frå eit land til eit anna

Offshore er opphavleg eit engelsk adjektiv for om det å vera ute på sjøen eller til havs. Omgrepet vert mykje nytta i tilknyting til petroleumsrelatert verksemd til havs. Omgrepet er teke opp i norsk språk med tilsvarande tyding, sjølv om Norsk Språkråd har rådd til å bruka det norske alternativet utaskjers. Omgrepet offshore finn ein ofte nytta i ymse samansettingar, til dømes:

  • Offshore-teknologi (teknologi for petroleumsverksemda)
  • Offshore-tilsette (tilsette i oljeindustrien som arbeider på innretningar utaskjærs)
  • Offshore-drift (drift av utstyr i produksjonsprosessar utaskjærs)
  • Offshore-industri (den delen av oljeindustrien som går føre seg utaskjærs)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]