Oh! Darling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Oh! Darling» er ein song av The Beatles som vart gjeve ut i 1969 på albumet Abbey Road. Songen er skriven av av Paul McCartney, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

Songen er kanskje den sterkaste vokalprestasjonen til McCartney både før og etter The Beatles, skjønt «Helter Skelter» og «Golden Slumbers» viser noko av det same. Opptaka til songen vart gjort tidleg om morgonen der stemma var på sitt mest rustne. Det er sakte og tung blues med progresjon til taktomslaget. Songen er bygd på ein klassisk modell med to vers og overgangsvers, gjentaking av same modell, og som ein kuriositet finst det ingen eigne introduksjon- eller avsluttingsparti.

Songen omhandlar det klassiske temaet «hjerte-smerte», om forhold der den eine ikkje ønskjer at den andre skal forlate forholdet. Arbeidstittelen på «Oh! Darling» var «I'll Never Do You No Harm» som kjem fram i første vers:

Oh! darling, please believe me
I'll never do you no harm
Believe me when I tell you
I'll never do you no harm

Paul McCartney spelte bass, sologitar, piano og tamburin, medan John Lennon spelte piano, George Harrison sologitar og Ringo Starr trommer. McCartney song førstestemma og Lennon og Harrison hadde andrestemmene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]