Oh! You Pretty Things
| Oh! You Pretty Things av David Bowie frå albumet Hunky Dory |
||
| Utgjeve | 17. desember 1971 | |
| Innspelt | Trident Studios i London, april 1971 | |
| Sjanger | Poprock, glamrock | |
| Lengd | 3:12 | |
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
|---|---|---|
| Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
«Oh! You Pretty Things» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Han opnar med berre Rick Wakeman på piano og Bowie på vokal, før det fengande refrenget kjem inn. Den enkle pianostilen vert ofte samanlikna med The Beatles sin «Martha My Dear».[1][2] Tematisk sett syner songen inspirasjon frå okkultisten Aleister Crowley og filosofen Friedrich Nietzsche,[1][3] og kunngjer at «menneskerasten er på veg ut til fordel for ein allianse mellom komande romvesen og ungdomen i dagens samfunn».[2]
Songen vart først gjeven ut av Peter Noone frå Herman's Hermits på ein singel der der Bowie sjølv spelte piano. Han nådde 12. plass på singellista i 1971. None erstatta Bowie-linja «The Earth is a bitch» med «The Earth is a beast» i ei framføring som NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla «eit av dei beste døma i rock and roll på songar som mislukkast fullstendig i å oppnå noko som helst kjensle med stemninga eller innhaldet i teksten.»[4]
Innhaldsliste |
Konsertversjonar [endre]
- Bowie spelte songen på BBC-showet Johnny Walker Lunchtime Show den 22. mai 1972. Dette vart sendt tidleg i juni same året og i 2000 gjeven ut på albumet Bowie at the Beeb. Denne vart òg gjeven ut som promosingel i Frankrike i 2000.
- Ei konsertutgåve vart spelt inn i Hammersmith Odeon i London, den 3. juli 1973 og gjeven ut på albumet Ziggy Stardust - The Motion Picture i 1983. Denne versjonen av songen var ein del av ein medley i lag med «Wild Eyed Boy From Freecloud» og «All the Young Dudes».
Andre utgjevingar [endre]
- Songen finst på samleplatene:
- The Best of David Bowie (Japan 1974)
- Changestwobowie (1981)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of 1969/1974 (1997)
- Best of Bowie (2002)
- Han vart spelt inn den 8. februar 1972 for The Old Grey Whistle Test på BBC, men gjeven ut først 10 år seinare.[5] Eit studioopptak, der Bowie snublar over linjene og gjer feil fleire gonger, er gøymd som eit spor på Best of Bowie-DVDen.
Andre versjonar [endre]
- Harvey Danger – konsertopptak på Little Round Mirrors frå 2006
- Seu Jorge – portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou i 2004
- Peter Noone – Singel (1971)
- Dylan Roth – Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Au Revoir Simone - Life Beyond Mars: Bowie Covered (2008)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oh! You Pretty Things» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.115
- ↑ 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.40-41
- ↑ David Sheppard (2007). "Wishful Beginnings", MOJO 60 Years of Bowie: s.24
- ↑ Carr & Murray (1981): p.117
- ↑ Harvey, Michael (2007-01-19). «The Old Gray Whistle Test - 8 februar 1972». The Ziggy Stardust Companion. http://www.5years.com/ogwt.htm. Henta 1. mai 2011.