Oh Mercy
| Oh Mercy Studioalbum av Bob Dylan |
||
| Utgjeve | 18. september 1989 | |
| Innspelt | Spring 1989 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 38:46 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | Daniel Lanois | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Bob Dylan-kronologi | ||
| Dylan & The Dead (1989) |
Oh Mercy | Under the Red Sky (1990) |
Oh Mercy er det 26. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i september 1989.
Det var produsert av Daniel Lanois og vart hylla som ein tilbakekomst for Dylan etter ei rekkje svakare album. Oh Mercy gav Dylan den høgaste plasseringa han hadde på listene på fleire år og nådde 30. plass i USA og sjetteplass i Storbritannia og Noreg.
Medan han kom seg etter ei handulukke i desember 1987 sat Dylan ved kjøkenbordet ein kveld og skreiv «Political World», den første nye songen hans på lang tid. Han hadde ikkje vore motivert til å skrive songar, men denne songen kom spontant og han skreiv fleire songar i løpet av dei neste dagane. Så snart han var frisk att i handa la han ut på turne og skreiv ikkje fleire songar. Sidan dei førre albuma hadde gått så pass dårleg, var Dylan motvillig til å gå i studio igjen. I 1989 vitja Bono frå U2 Dylan, og Dylan viste han songane han hadde skrive. Bono oppfordra Dylan til å dra i studio og foreslo Daniel Lanois som produsent. Dylan ønskte ikkje å nytte turnebandet sitt i studio, så Lanois henta inn fleire lokale musikarar i New Orleans, der albumet vart spelt inn.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Political World» | 03:43 |
| 2. | «Where Teardrops Fall» | 02:30 |
| 3. | «Everything Is Broken» | 03:12 |
| 4. | «Ring Them Bells» | 03:00 |
| 5. | «Man in the Long Black Coat» | 04:30 |
| 6. | «Most of the Time» | 05:02 |
| 7. | «What Good Am I?» | 04:45 |
| 8. | «Disease of Conceit» | 03:41 |
| 9. | «What Was It You Wanted» | 05:02 |
| 10. | «Shooting Star» | 03:12 |
Medverkande [endre]
- Bob Dylan – vokal gitar, piano, munnspel, tolvstrengsgitar, orgel
- Daniel Lanois – dobro, steelgitar, gitar, omnichord
- Mason Ruffner – gitar
- Brian Stoltz – gitar
- Tony Hall – bass
- Cyril Neville – perkusjon
- Willie Green – trommer
- Paul Synegal – gitar
- Larry Jolivet – bass
- Alton Rubin, Jr. – vaskebrett
- John Hart – saksofon
- Rockin' Dopsie – trekkspel
- Malcolm Burn – tamburin, keyboard, mercy keys, bass
- Daryl Johnson – perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oh Mercy» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2010.