Ohrid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ohrid
Styresmakter
Land

Kommune
Republikken Makedonia
Ohrid kommune
Borgarmeister Aleksandar Petreski
Geografi
Flatevidd
 - By

382,93 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

54 908
  143/km²
Koordinatar 41°07′″N 20°48′″EKoordinatar: 41°07′″N 20°48′″E
Høgd over havet +695 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 6000
Telefon-retningsnummer 389 46
Heimeside: ohrid.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Ohridi Repulikken Makedonia
Plasseringa til Ohridi Repulikken Makedonia

Ohrid (makedonsk Охрид) er ein by i Republikken Makedonia på austkysten av Ohridsjøen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen er kjend for ein gong ha hatt 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året, og vart kalla den makedonske Jerusalem[1]. Byen har mange vakre hus og monument og turismen er ei viktig næring. Han ligg aust for Elbasan og Tirana i Albania, sørvest for Skopje, og nordvest for Resen og Bitola.

I 1980 vart Ohrid og Ohridsjøen innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

I Ohrid finst òg eitt av Makedonia sine største sjukehus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har eksistert sidan antikken, då som Lychnidos. Den romerske vegen Via Egnatia gjekk gjennom Lychnidos. Namnet Ohrid vert første gong nemnd i 879. Det er vorte hevda at det kyrilliske alfabetet vart utvikla i Ohrid av Sankt Klemens av Ohrid, men dette er usikkert og det er meir truleg at det vart utvikla av den litterære skulen i Preslav. Ohrid var eit viktig kulturelt sentrum der det vart produsert skrifter ved den litterære skulen her.

I år 1000 var Ohrid ein kort periode hovudstad i Det første bulgarske riket. Byen var då òg sete for erkebispedømet i Ohrid og det vart bygd mange kyrkjer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]