Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»
Singel av Kirsti Sparboe
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1969
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen

«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» er ein song skriven av Arne Bendiksen og framført av Kirsti Sparboe. Songen vann Melodi Grand Prix 1969 og var det norske bidraget til Eurovision Song Contest det året.

Songen blei gjeven ut på singelen Triola TN 540 i 1969.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1969[endre | endre wikiteksten]

«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» deltok i Melodi Grand Prix 1969, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1969 i Madrid i Spania. Songen vart framført på norsk av Kirsti Sparboe, og vann med 18 poeng; fem frå Vadsø, tre frå Bergen og Hamar, to frå Tromsø og Kristiansand og eitt frå Bode, Trondheim og Stavanger.[2][3]

Eurovision Song Contest 1969[endre | endre wikiteksten]

«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»
Eurovision Song Contest 1969
Land Noreg
Artist(ar) Kirsti Sparboe
Medverkande Øivind Bergh (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Arne Bendiksen
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen
Resultat
Finalepoeng 1
Finaleplass 16
Noreg i Eurovision Song Contest
«Stress»
(1968)
«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» «Lykken er»
(1971)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1969 fekk «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1969. Kirsti Sparboe framførte songen på norsk, og enda på 16. og sisteplass med eitt poeng; frå Sverige. Øivind Bergh var dirigent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå plateetiketten
  2. «Norway 1969» (på engelsk). esc-history.com. Henta 2. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1969» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 2. juli 2014.