Okaihau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Okaihau er ein liten by i regionen NorthlandNordøya i New Zealand, like nord for Kaikohe. Han ligg i Far North District. Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 717, i 2001 690, og i 1996 642. Kartkoordinatar: 35°19′S 173°47′E

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

I 1923 vart det opna ei jarnvegslinje til Okaihau frå knutepunktet med North Auckland Line ved Otiria. Arbeidet med å forlengja linja frå Okaihau til Hokianga og Kaitaia gjekk svært sakte, men i 1936 var ho praktisk talt ferdig fram til Rangiahua. Ein gjekk bort frå å byggja linja vidare, då dette ville bli svært kostnadskrevjande. Linja vart dermed kjend som the Okaihau Branch og Okaihau vart den nordlegaste jarnvegsterminalen på New Zealand.

I 33 år vart passasjerane frakta i kombinerte togsett for passasjer- og godsfrakt på denne sidelinja, fram til det vart sett inn skjenebussar i passasjertransporten i 1956. Dette vart ein svært populær reisemåte, men vognene var ofte utsette for mekaniske feil, og vart tekne ut av trafikken i 1967. Passasjertrafikken heldt fram med kombinerte togsett til 1976, godstrafikken til 1987.

Det har kome framlegg om å opna linja på nytt til transport i skogindustrien, men dette er det hittil ikkje vorte noko av.

Riksvegen State Highway 1 går gjennom byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]