Okapi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Okapi | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Artiodactyla | |
| Familie: | Giraffidae | |
| Slekt: | Okapia
Lankester, 1901 |
|
| Art: | O. johnstoni | |
| Vitskapleg namn | ||
| Okapia johnstoni
P.L. Sclater, 1901
|
||
Okapi er eit partåa hovdyr i sjiraffamilien, den einaste nolevande nære slektningen av sjiraffen. Han har form som ein hest og er mørkebrun på kroppen, men har sebraliknande striper på beina. Okapien lever berre vilt i regnskogen Ituri nordaust i Kongo. I dag reknar ein med at det finst rundt 10-20 000 nolevande individ, og okapien er rekna som nær truga av Verdas naturvernunion.
Okapien kan bli opptil 2 meter lang, med ei skulderhøgd på 2 meter og hale opp mot ein halv meter. Vekta er maksimalt 200-300 kilo, og hoa er større enn hannen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Okapi» frå Wikipedia på bokmål, og «Okapi» frå Wikipedia på svensk den 11. mai 2010.
Fotnotar [endre]
- ↑ Okapia johnstoni på IUCN si raudliste. Antelope Specialist Group 2008.