Okaritokivi
| Okaritokivi | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Struthioniformes | |
| Familie: | Apterygidae | |
| Slekt: | Apteryx | |
| Art: | A. rowi | |
| Vitskapleg namn | ||
| Apteryx rowi
Tennyson et al, 2003
|
||
Okaritokivi, Apteryx rowi, òg kjent som rowi, er ein medlem av kivifamilien, Apterygidae, og blei skildra som ny for vitskapen i 2003. Arten er ein del av brunkivikomplekset, tidlegare ein art brunkivi, Apteryx australis, og er morfologisk svært lik dei to andre medlemmene, sørbrunkivi og nordbrunkivi. I utsjånad skil okaritokivi seg frå dei andre kiviartane ved å ha mjukare og meir gråleg fjørdrakt og har ofte kvite flekker i andletet.[1]
Blant dei fleste kiviartar rugar hannen aleine, men hos okaritokivi tar begge kjønn del i ruging av egget. Dei fleste para er monogame gjennom heile livet. Livslengda er særs lang for denne kiviarten, i gjennomsnitt ca. 80 år.[1]
Vernestatus er gjeve som 'nasjonalt kritisk'. Predasjon, hovudsakleg frå importerte dyr som røyskatt, er den største trusselen mot okaritokivi. Naturvernarbeid for kontroll av røyskatten har vore delvis vellykka i å gjenopprette populasjonen av okaritokivi. Likevel er framleis eksistens av denne arten inne i ein skjør fase.
Arten finst i eit avgrensa område av Okarito-skogen på vestkysten av Sørøya på New Zealand, og har ein populasjon på berre ca. 370 individ.[1] Små mengder rowi er sette ut på rovdyrfrie øyar i Marlborough Sounds. Den 29. juni 2010, blei tre hekkande par lauslatne på Blumine Island som ein del av eit avlsprogram.[2] Populasjonen på øyane bidreg til å sikre arten om noko skjer med den naturlege bestanden i Okarito. Øyane gjev òg unike tilhøve for forsking på arten.[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Okarito Kiwi» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2012
- Department of Conservation, New Zealand (2012)