Oker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Okeruttak ved Rustrel
For elva med det same namnet, sjå Elva Oker

Oker er ein naturleg forekomande brungul farge. Han er eit leireslag som inneheld jernoksyd som pregar fargen. Leira kan tørkast og finmalast, og er då eit brukbart fargepigment. Han kan òg brennast før knusinga, og blir då ofte mørkare og meir raudgyllen. Oker har blitt brukt som fargestoff frå førhistorisk tid.

Den same leira vert brukt til tegl, som er stoffet dei brungule mursteinane (teglstein) er laga av. Ved å knusa teglstein og blanda inn målarolje, kan dagens kunstnarar etterlikna dei store meisterane sine førebuingar til dagens måling.

Jerninnhaldet kan variera, slik at fabrikkar som lagar kunstnerfargar anten må blanda pigment frå ulike stader for å få fram den same fargetonen, eller, som mange gjer, blanda han kunstig ved å bruka andre og meir fargestabile pigment.