Okkludert front

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kald okklusjon
Varm okklusjon

Ein okkludert front eller okklusjon er ein vêrfront som oppstår når ein kaldfront tar igjen ein varmfront. Varmsektoren mellom varmfronten og kaldfronten blir løfta oppover, fordi den varme lufta er lettare enn den kalde. Området der dei tre frontane møter kvarandre blir kalla okklusjonspunktet (òg kalla eit trippelpunkt). I sjølve punktet kan det vere ganske rolege vindforhold, men i nærleiken av punktet kan vinden bli ganske kraftig. Fronten fører nesten alltid til skya vêr og gir ofte litt regn. I tillegg er torevêr òg mogeleg.

Okkluderte frontar oppstår om lag alltid i samband med fullt utvikla lågtrykk, og når eit lågtrykk er i ferd med å døy ut er det ofte berre den okkluderte fronten som er igjen av frontsystemet.

Okkluderte frontar er avmerkte på eit vêrkart med fiolette linjer der ein halvsirkel og ein trekant annakvar gong markar retninga fronten flyttar seg i.

Fronttypar[endre | endre wikiteksten]

Ein skil mellom to typar okkluderte frontar, kald okklusjon og varm okklusjon. Ein front blir kalla varmfront når varmluft erstattar kaldare luft, og kaldfront når kaldluft erstattar varmare luft. Området mellom ein kaldfront og ein varmfront blir kalla ein varmsektor. Når ein kaldfront tar igjen ein varmfront, blir varmsektoren løfta til vers, og kaldlufta bak kaldfronten kjem i kontakt med lufta føre varmfronten. Visst kaldlufta bak kaldfronten er kaldare enn lufta føre varmfronten blir det kalla ein kald okklusjon. Visst kaldlufta bak kaldfronten derimot er varmare enn kaldlufta føre varmfronten snakkar vi om ein varm okklusjon.

Temperaturskilnaden mellom lufta bak kaldfronten og lufta føre varmfronten er som regel liten. Likevel er tettleiksvariasjonane vanlegvis store nok til at ei av luftmassane blir heva. Visst temperaturskilnaden derimot blir for liten vil ingen av luftmassane klare å løfte den andre. Ein kan sjå på dette som ein tredje form for okklusjon. På midlare breidder, som over Europa, oppstår kald okklusjon oftast om sommaren, medan varm okklusjon oftast oppstår om vinteren.

Skildring av figurane[endre | endre wikiteksten]

Figurane til høgre viser ei skjematisk oversikt over dei to okklusjonane, og kva skytypar og vêr som er assosiert med dei. Øvst på desse to figurane er det vist eit frontsystem. Den raudfarga linja er varmfronten, den blå linja er kaldfronten og den fiolette linja den okkluderte fronten. Dei oransje linjene er to vertikalsnitt av frontsystemet. Linje A er eit tverrsnitt av okklusjonen, medan linje B er eit tverrsnitt før okklusjonen. Denne figuren gjeld berre for nordlege halvkule