Okko Kamu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Okko Kamu og Eero Heinonen i 1987.

Okko Tapani Kamu (fødd 7. mars 1946 i Helsingfors) er ein finsk dirigent og fiolinist. Kamu tok til med fiolinstudiar ved Sibelius-akademiet då han var 6 år. Då han var 19 år gamal vart han tilsett som alternerande andrefiolinist i orkestret til den finske nasjonaloperaen og vart seinare konsertmeister (1966–68). Sjølv om Kamu var sjølvlært som dirigent vann han i 1969 den fyrste internationale Herbert von Karajan konkuransen i Berlin, noko som førte til engasjement hjå fleire av dei store orkestra i Europa, USA, Israel og Japan.

Kamu var sjefsdirigent for symfoniorkestret til finsk radio frå 1971 til 1977, dirigent og kunstnerisk leiar for Oslo-filharmonien frå 1975 til 1979, kunstnerisk leiar for Helsingfors stadsorkester 1981–1988 og sjefsdirigent for symfoniorkestret til nederlandsk radio i tidsbolken 1983–1986. Kamu har dirigert fleire uroppføringar, mellom anna verk av Aulis Sallinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]