Oksehakkarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oksehakkarar


Raudnebboksehakkar, Buphagus erythrorhynchusFoto: Lee R. Berger
Raudnebboksehakkar, Buphagus erythrorhynchus
Foto: Lee R. Berger

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Buphagidae
Slekt: Buphagus
Artar

Oksehakkarar er to fugleartar som utgjer den biologiske slekta Buphagus og familien Buphagidae. Einskilde ornitologar har sett på oksehakkarar som ein underfamilie Buphaginae innanfor starefamilien Sturnidae.[1] Både engelske og vitskaplege namn skriv seg frå vanen dei har med å sitje på store pattedyr, både ville og tamme, som storfe eller nashorn, og ete flått, bremsar, larver og andre parasittar.

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Oksehakkarar er endemiske til savannar i Afrika sør for Sahara, der dei finst i dei fleste opne habitat. Dei er fråverande frå dei tørraste ørkenane og frå regnskogar. Distribusjonen deira er avgrensa av tilkomst på byttedyr, spesielle artar av flått, og vertsdyra til desse flåttane. Over store delar av Aust-Afrika har dei to artane sympatrisk utbreiing, det vil seie dei har overlappande distribusjon, og kan dessutan opptre på same vertsdyret. Prosessane i samspelet mellom dei to artane er ikkje kjende.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Oksehakkarar er ganske selskaplege fuglar.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Oksehakkarar lever utelukkande på ryggen av store pattedyr. Einskilde artar er tilsynelatande å føretrekt, medan dei unngår andre artar som Alcelaphus lichtensteinii eller halvmåneantilope (topi). Dei unngår dessutan mindre antiloper som letjevassbukk, duikarar og røyrbukkar, det minste vertsdyret som dei regelmessig brukar er impala, truleg på grunn den høge bestanden av flått på denne arten og den sosiale framferda hos desse dyra. I mange delar av det noverande utbreiingsområdet lever dei på storfe, men unngår kamelar. Dei lever av ektoparasittar, særleg flått, og plukkar dessutan insekt som infiserer sår og dei kan i tillegg ete kjøtt og blod frå opne sår.[2]

Samspelet oksehakkar - pattedyr er gjenstand for ein viss debatt og pågåande forsking. Opphavleg tenkte ein dette var eit døme på mutualisme, men nyare funn gjev framlegg om at oksehakkarar kan vere parasittar i staden.[3] Oksehakkarar et flått, men ofte flått som allereie har tatt seg næring frå hovdyrverten, og det har ikkje vore påvist statistisk signifikant kopling mellom nærvære av oksehakkarar og redusert infeksjon av ectoparasittar.[3] Men ein studie av impala viste at dyr som vart brukt av oksehakkarar brukte mindre tid til sjølvpleie noko som ymta om ein reduksjon i parasittar. Oksehakkarar har vorte observert når dei opnar nye sår og utvide eksisterande for å drikke blodet av vertsdyret.[4] Oksehakkarar tar òg ørevoks og daude hudskjel av pattedyr, ein ikkje veit kva føremon pattedyra har, og det er mistanke om at dette òg er ei parasittisk åtferd.[3] Nokre av vertane for oksehakkarar er intolerante av nærvære deira.[4] Elefantar og nokre antiloper vil aktivt lausne oksehakkarar når dei landar. Andre artar tolererer oksehakkarar, men søkjer dei etter flått i andletet, verkar det «... å vere ein ubehageleg og inntrengjande prosess.»[2]

Hekkebiologi[endre | endre wikiteksten]

Hekkesesongen av oksehakkarar kan vere kopla til regntida, som påverkar aktiviteten til vertane og mengda av flått på desse vertane. Både spel og paring skjer på vertane deira òg. Dei hekkar i hol, gjerne i tre, men nokre gonger i andre typar holrom, blant anna hol i vegger. Reiret er fora med gras og ofte med håre plukka frå vertane og til og med husdyr som sauer som ikkje vanlegvis brukast som vertar. Typisk storleik på kullet er frå to til tre egg, men raudnebboksehakkar kan leggje opp til fem egg.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006). «Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa». Molecular Phylogenetics and Evolution 41 (2): 333–344. doi:10.1016/j.ympev.2006.05.007. PMID 16806992. 
  2. 2,0 2,1 Craig, Adrian (2009). «Family Buphagidae (Oxpeckers)». I del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David. Handbook of the Birds of the World. Band 14, Bush-shrikes to Old World Sparrows. Barcelona: Lynx Edicions. ss. 642–653. ISBN 978-84-96553-50-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Weeks, P (2000). «Red-billed oxpeckers: vampires or tickbirds?» (PDF). Behavioral Ecology 11 (2): 154–160. 
  4. 4,0 4,1 McElligott, A.G.; Maggini, I., Hunziker, L., and Konig, B. (2004). «Interactions Between Red-Billed Oxpeckers and Black Rhinos in Captivity». Zoo Biology 23: 347–354. doi:10.1002/zoo.20013.