Oksehovud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oksehovud er eit gammalt holmål særleg bruka for flytande varer som vin, brennevin, øl, eddik og oljer. Samhøvet mellom oksehovud og andre rommål var i regelen slik: 1 oksehovud = 1/4 fat = 1/2 pipe = 1 1/2 amme = 2 tønner = 6 anker = 240 potter

Ved lov av 28. juli 1824 vart storleiken fastsett til eit mål som i dag tilsvarer 231,6 l. Storleiken har variert gjenom historia.

Ordet har opphav i nederlandsk okshoofd frå engelsk hogshead som tyder 'grisehovud'. Hogshead var lik 63 gallon, som i Storbritannia er 286 liter og i USA 238,5 liter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]